Tilbod i barnehage og skule for barn med foreldre som er tilsett i barnehage eller skule

Skular og barnehagar er døme på sentrale samfunnsfunksjonar som er vurdert som viktige i handteringa av pandemien. Tilsette i barnehagar og skular med barn under 12 år har rett til eit tilbod for barna i skule og barnehage.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.01.2022

Når barnehagar, skular og skulefritidsordningar er stengde eller har redusert opningstid, skal barnehage- og skuleeigarar sørge for eit tilbod til barn under 12 år, som har minst ein forelder tilsett i ein kritisk samfunnsfunksjon. 

Sjå heile lista over kva yrke som er omfatta på regjeringen.no (sist oppdatert 22. desember 2021).

Lista er ikkje uttømmande, og oversikta kjem i tillegg til andre rettleiingar frå departement og verksemder som varetek kritiske samfunnsfunksjonar.

Sjå elles Udir si omtale av dette her.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.