Lokale forskrifter etter ny opplæringslov

Den nye opplæringslova krev at kommunen og fylkeskommunen skal vedta fleire lokale forskrifter enn etter dagens lov, og at dei skal kunngjere alle lokale forskrifter. Nye lokale forskrifter etter ny opplæringslov må vere høyrde, vedtekne og kunngjorde innan 1. august 2024.

Publisert 15.03.2024

Lokale forskrifter som må vedtakast

  • Permisjon frå skulen (kommunen), jf. ny lov § 2-2 fjerde ledd.
  • Skulefritidsordninga (kommunen), jf. ny lov § 4-5 femte ledd.
  • Skulereglar (kommunen og fylkeskommunen), jf. ny lov § 10-7.
  • Skuleruta (kommunen og fylkeskommunen), jf. ny lov § 14-1 andre ledd.
  • Hovudmål ved den enkelte skule (kommunen og fylkeskommunen), jf. ny lov § 15-2.

Lokale forskrifter som kan vedtakast

  • Omdisponering av fag- og timefordeling (kommunen), jf. ny lov § 1-6 andre ledd.
  • Opplæring ut over det samla minstetimetallet (kommunen og fylkeskommunen), jf. ny lov § 1-6 sjette ledd.
  • Skulekrinsar (kommunen), jf. ny lov § 2-6.
  • Bortvising i skulereglar (kommunen og fylkeskommunen), jf. ny lov § 13-1 første ledd, jf. § 10-7.
  • Ordensreglar for vaksenopplæringa, inkludert reglar om bortvising av vaksne deltakarar (kommunen og fylkeskommunen), jf. ny lov § 20-3 første ledd.

Kommunen og fylkeskommunen kan velje om dei vil ha eigne reglar om desse temaa. Eventuelle eigne reglar må fastsetjast i lokal forskrift.

Fleire lokale forskrifter etter ny opplæringslov

Ny opplæringslov § 2-2 fjerde ledd endrar i reglane for å gje permisjon frå grunnskulen. Regelen set ikkje lenger ei grense for kor lenge og kor ofte eleven kan få permisjon, men opnar for at kommunen kan gje permisjon dersom eleven får ei opplæring som samla sett er forsvarleg. I tillegg vert det sett krav om at kommunen skal gje reglar for eigen permisjonspraksis i forskrift. Grunngjevinga er at ei lokal forskrift vil sikre lik praktisering av reglane i kommunen, og gjere det meir føreseieleg for dei som skal søkje om permisjon.

Ny opplæringslov § 10-7 fastset at kommunen og fylkeskommunen gjev forskrift om organisering av skuledemokratiet og om rettar og plikter for elevane, mellom anna om orden og oppførsel. Føresegna vidarefører opplæringslova § 9A-10 om at kommunen og fylkeskommunen skal gje forskrift om ordensreglement. Opplæringslova § 9A-10 set ikkje eksplisitt krav til at forskrifta skal innehalde reglar for organisering av skuledemokratiet.

Etter ny opplæringslov § 15-2 skal kommunen og fylkeskommunen gje forskrift om kva skriftsspråk som skal vere hovudmålet på kvar skule. Regelen vidarefører at kommunen skal vedta ei slik forskrift, og lovfestar at det same skal gjelde for fylkeskommunen.

Reglar for fastsetjing av forskrift

Reglane for utforming av forskrifter går fram i forvaltningslova kapittel VII. Justisdepartementet har utforma retningsliner for forskriftsarbeid i kommunane. Vidare gjev Utdanningsdirektoratet rettleiing kring krava til lokale forskrifter etter ny opplæringslov, der mellom anna utforming av forskrifter er omhandla.

Alle lokale forskrifter må no kunngjerast

Dagens opplæringslov gjer unntak frå kravet om kunngjering av lokal forskrift i Norsk Lovtidend for fleire av dei lokale forskriftene kommunen og fylkeskommunen skal vedta. Slike unntak er ikkje vidareført i ny lov, med den konsekvens at alle lokale forskrifter skal kunngjerast. Det gjerast ved å sende forskrifta til Lovtidendredaksjonen i Lovdata.

Overgangsreglane i ny opplæringslov

Det følgjer av ny opplæringslov § 30-2 at forskrifter og enkeltvedtak med heimel i reglar som blir oppheva eller endra ved ny opplæringslov, står ved lag til Kongen fastset noko anna.

Det er vidare mogleg å vedta forskrifter med heimel i ny opplæringslov før 1. august, så lenge desse er gjeldande frå nytt skuleår. Kommunen og fylkeskommunen må fastsetje nye lokale forskrifter der ny lov krev det.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.