Dokumentasjonskrav ved fråvær på eksamen som følgje av Covid-19

Ingen med symptom på covid-19, eller som er i karantene, skal møte til eksamen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.05.2021

Det er dei vanlege reglane om sjukdom på eksamen som gjeld. Ein har då rett til utsett eksamen ved neste eksamensperiode.

Ved symptom på covid-19, påvist covid-19, isolasjon eller karantene kan ein dokumentere fråvær på eksamen med eigenmelding (foreldrestadfesting for dei under 18 år). Dette gjeld og privatistar.

Les meir om endringar i midlertidig forskrift for våren 2021 på regjeringen.no

Les meir om gjennomføring av eksamen våren 2021 på udir.no

Les meir om munnleg eksamen våren 2021 på udir.no

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.