Ny regel gjev foreldreansvar til begge foreldre

For barn som vert fødde etter 1. januar 2020, får foreldra felles foreldreansvar. Dette gjeld uavhengig av om foreldra er gifte, sambuande eller ikkje bur i lag.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.12.2019

Fram til no har regelen vore at mor har hatt foreldreansvar aleine, dersom foreldra ikkje var gifte eller sambuande ved barnets fødsel. Etter regelendringa er utgangspunktet at foreldre får felles foreldreansvar, sjølv om dei ikkje er gifte eller sambuarar.

Felles foreldreansvar

Felles foreldreansvar betyr at begge foreldra saman skal ta avgjerder for barnet om personlege forhold. Dette kan til dømes vere val av namn, medlemsskap i trussamfunn, samtykke til medisinsk behandling, søknad om pass og økonomiske forhold.

Foreldreansvar til mor

Dersom foreldra ikkje bur i saman, kan barnets mor melde frå til Folkeregisteret dersom ho vil ha foreldreansvaret aleine. Tilsvarande kan ein far som ikkje bur saman med barnet, melde frå til Folkeregisteret dersom han ikkje vil ha del i foreldransvaret. Når ein av foreldra har gjeve slik melding til Folkeregisteret, får barnets mor foreldreansvaret aleine. Fristen for å melde til Folkeregisteret er eitt år etter at farskapen vart fastsett.

Fedre som etter melding frå barnets mor ikkje får foreldreansvar, må reise sak for retten dersom dei ønskjer å få foreldreansvar. Retten skal leggje avgjerande vekt på kva som vil vere til barnets beste i den  konkrete saka.

Regelendringa gjeld frå 1. januar 2020.

Du finn meir informasjon om regelendringa på Barne- og familiedepartementet si nettside.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.