Klimasatssøknadar frå Vestfold og Telemark fylke

Miljødirektoratet har fått inn 297 søknadar om Klimasats-midlar frå kommunar og fylkeskommunar som ynskjer å kutte utslepp av klimagassar. I alt 23 av desse kjem frå vårt fylke.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.03.2022

Klimasats tildeler i år 250 millionar kroner til prosjekt for å redusere utsleppet av klimagassar.

Søknadar frå Vestfold og Telemark utgjer ca. 18 millionar. Klimasats-søknadane fordeler seg på følgjande tiltakstypar:

Planlegging

  • Klimavennleg areal- og transportplanlegging
  • Forprosjekt for klimagassreduserande tiltak

Innkjøp

  • Systematisk arbeid med klimakrav i innkjøp
  • Meirkostnadar ved klimavennlege innkjøp

Bygg og anlegg

  • Kartlegge moglege klimatiltak tidleg i bygge- og anleggsarbeid
  • Meirkostnadar for klimavennlege bygg og anlegg

Transport

  • Transporttiltak
  • Meirkostnad ved investering og leige av maskinar og køyretøy

Samarbeid

  • Klimatiltak med vesentlege bidrag frå andre aktørar

Nettverk

  • Interkommunale nettverk

Miljødirektoratet er i gong med å vurdere søknadane som har kome inn. Statsforvaltaren blir inkludert i vurderingane, særleg på søknadar som gjeld ei klimavennleg areal- og transportplanlegging. Under vurderingane leggjast det mellom anna vekt på potensialet for utsleppsreduksjonar, om tiltaka er innovative og ambisiøse og vi vurderer overføringsverdien til andre kommunar. Prosjekta som vert gitt støtte må vere politisk forankra i kommunen, og dei må sjølv bidra med eigeninnsats. Endeleg beskjed om mogleg tildeling av støtte er venta medio juni.

Hovudsøknadsfrist vart 15. februar, men for desse tiltaka er det òg ein søknadsfrist 15. september:

  • Meirkostnadar for klimatiltak i alle konkrete innkjøp
  • Tidleg kartlegging av klimatiltak i bygg og anlegg

Les meir her.

Vi ynskjer lykke til under utvalsrunden, og vil gi honnør til alle som har søkt og prioriterer dette viktige arbeidet! Alle søknadane finn du i artikkelen her.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.