Marin forsøpling

Marin forsøpling gir store utfordringar for livet i havet. Stadig les ein om fuglar som har sett seg fast i gammalt garn eller fisk med magen full av plast. Statsforvaltaren har i oppdrag å koordinere arbeidet med marin forsøpling i fylket. Vi skal ha oversikt og bringe saman aktørar som driv oppryddingsarbeid.

Kva gjer eg når eg vil rydde?

Gå inn på ryddeportalen Rydde.

Her kan du finne ulike ryddeaksjonar som holdast i Norge.

Her kan du også registrera område som har behov for å bli rydda, opprette en eigen ryddeaksjon eller finne ut kvar ein kan få utstyr til å rydde.

I Vestfold kan skjergardstenesta hente søppelet og frakte det til eit mottaksanlegg. Sjå her for meir informasjon.

Statsforvaltaren sitt ansvar

Statsforvaltaren har en rekke oppgåve for å redusere marin forsøpling i vårt fylke:

  • Ha oversikt over og bringe saman aktørar som driv med opprydding.
  • Føre tilsyn med verksemder og følgje opp at dei har ei god handsaming av ulike typar avfall og at dei levere avfall til godkjent mottak.
  • Godkjenne avfallsplanar for hamner.
  • Jobbe for ei god handsaming av brøyta snø.

Kommunen sitt ansvar

Kommunen er styresmakt for forsøpling. Det betyr at dei skal føre tilsyn med forsøplingssituasjonen i kommunen og følgje opp forsøplingssaker. Når kommunen får melding om eit forsøpla område eller oppdagar områder som er forsøpla, kan dei pålegge den ansvarlege å rydde opp etter seg. Kommunen kan også rydde opp og sende rekning til dei ansvarlege. Dette gjeld både på offentleg og privat eigedom. Jobben er viktig for å hindre at meir avfall gjer skade på land eller kjem ut i havet.

Om marin forsøpling

Marin forsøpling er eit av dei største miljøproblema vi har i verda i dag. Vi ser at menneskapt avfall ikkje forsvinn, men blir liggande i store mengder i havet, både på havbotn, i vassmassane og langs strendene. Over heile verda lid eit stort antal fugl, fisk og andre dyr kvar dag som følgje av skadar frå søppla i havet. Plasten kan mellom anna føre til kveling, indre skader, forgifting og problem med fordøyinga til dyra.

Avfall blir transportert lange veger med vind og havstrøymer og hamner i andre deler av verda. Blant anna finn vi langtransportert plast igjen i Arktis.

Mikroplast

Mikroplast er et aukande problem og har fått feir fokus. Mikroplast er små plastpartiklar og har en rekke kjelder:

  • større artiklar av plast som blir brote ned av vind, UV-strålar og bølgjer
  • kosmetikk
  • klede av syntetiske fiber, til dømes fleece
  • granulat frå kunstgrasbanar
  • slitasje frå gummidekk

Det er få reinsemetodar som fangar opp desse partiklane og dei kjem ut i havet gjennom avløpssystem og avrenning frå land.

Ein ser nå også på nanopartiklar av plast for å sjå om dei kan bli samla opp i organismar.

 

 

 


Publisert 30.06.2021

Miljøvennleg bestikk

Noen gonger er det greitt å ha med bestikk, f.eks når matpakka skal nytast på skule eller jobb, ute på tur eller kanskje på ferie. Dropp eingongs og ha med deg bestikk som kan brukast fleire gonger.


Kontakt oss

Fagsjef Forurensning:
Siv Hege Wang Grøvo
Telefon 33 37 23 18

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding 

Kontakt oss

Fungerende direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding