Leve heile livet

Oppdatert 22.03.2022

Reforma «Leve heile livet» skal bidra til at eldre kan meistre livet lenger og vere trygge på at dei får god hjelp når dei treng det. Kvalitetsreforma for dei eldre skal handle om fellesskap, aktivitet, mat og helsehjelp.

Målet med reforma skal vere fleire gode leveår der eldre menneske har god helse lenger og i større grad meistrar eige liv.

Aldersvenlege samfunn

Eldre skal kunne leve gode liv, uavhengig av helseproblem og helsetilstand. Reforma er særleg retta mot helse- og omsorgssektoren, men alle sektorar må bidra for å skape aldersvenlege samfunn.

Statsforvaltaren har ei sentral rolle i å koordinere reformarbeidet. Statsforvaltaren skal mellom anna gi alle kommunar tilbod om dialogmøte og sørge for at alle kommunar blir inviterte til å delta i læringsnettverk. Statsforvaltarane er ein del av det regionale støtteapparatet, der også KS og Utviklingssenteret for sjukeheim og heimetenester er med.

Vis meir

Reforma «Leve heile livet» skal bidra til at eldre kan meistre livet lenger og vere trygge på at dei får god hjelp når dei treng det. Kvalitetsreforma for dei eldre skal handle om fellesskap, aktivitet, mat og helsehjelp.

Målet med reforma skal vere fleire gode leveår der eldre menneske har god helse lenger og i større grad meistrar eige liv.

Aldersvenlege samfunn

Eldre skal kunne leve gode liv, uavhengig av helseproblem og helsetilstand. Reforma er særleg retta mot helse- og omsorgssektoren, men alle sektorar må bidra for å skape aldersvenlege samfunn.

Statsforvalteren har ei sentral rolle i å koordinere reformarbeidet. I 2019 skulle  statsforvalteren blant anna gi alle kommunar tilbod om dialogmøte og sørge for at alle kommunar blir inviterte til å delta i læringsnettverk. Statsforvalteren er ein del av det regionale støtteapparatet, der også KS og Utviklingssenteret for sjukeheim og heimetenester er med.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.