Fri rettshjelp

Oppdatert 21.02.2023

I nokre typar saker kan du få økonomisk støtte til juridisk rådgiving eller støtte til å føre ei rettssak for domstolane. Bruk rettshjelpskalkulatoren vår for å finne ut om du kan ha rett på fri rettshjelp. Ta kontakt med Statsforvaltaren eller ein advokat for å få fri rettshjelp.

Fri rettshjelp er advokathjelp som heilt eller delvis blir dekt av staten. Fri rettshjelp omfattar både fritt rettsråd og fri sakførsel. Fritt rettsråd er rettleiing og hjelp i juridiske spørsmål utanfor rettargang. Fri sakførsel er rettshjelp i saker som går for domstolane.

I kva typar saker kan du få fri rettshjelp?

Døme på saker der du kan få fri rettshjelp, er familiesaker, visse typar klagesaker til Nav, erstatning for personskade, oppseiing/utkasting frå bustad eller oppseiing i arbeidsforhold. Du kan også få fri rettshjelp dersom du søkjer om valdsoffererstatning. Også i andre saker er det unntaksvis mogleg å få fri rettshjelp. Dersom du har forsikring som dekkjer utgifter til juridisk hjelp, vil du som regel ikkje få fri rettshjelp.

Inntekts- og formuesgrense

For å få fri rettshjelp må du ha ei bruttoinntekt som ligg under inntektsgrensene i rettshjelplova. Frå januar 2023 er inntektsgrensa for einslege 350 000 kroner, og grensa for ektefeller og sambuarar er 540 000 kroner. Formuesgrensa er 150 000 kroner. Statsforvaltaren og domstolane kan i visse tilfelle gjere unntak frå reglane om inntekts- og formuesgrenser.

Uavhengig av kva du har i inntekt og formue kan du få fri rettshjelp

  • i barnevernssaker for barneverns- og helsenemnda (tidlegare fylkesnemnda)
  • i saker for Kontrollkommisjonen for psykisk helsevern og rettssaker om utskriving frå tvangspålagt psykisk helsevern
  • i saker om militærnekting
  • i saker om tvangsekteskap
  • i saker der eit valdsoffer krev erstatning frå gjerningsmannen
  • i saker om erstatning for ugrunna straffeforfølging
  • for å vurdere melding i samband med valdtekt
  • for å vurdere melding i sak om menneskehandel
  • i saker om NAVs feilaktige praktisering av EUs trygdeforordning

Eigendel

Dersom du får fri rettshjelp, skal du som hovudregel betale ein eigendel av hjelpa. Det er ingen eigendel i saker der fri rettshjelp blir gitt uavhengig av inntekt. Dersom du har ei bruttoinntekt på meir enn 100 000 kroner, må du betale ein eigendel for fri rettshjelp i saker med økonomisk behovsprøving.

Eigendelen i behovsprøvde saker er éin gong den offentlege salærsatsen (som frå januar 2023 er 1140 kroner). I saker med fri sakførsel utgjer eigendelen 25 prosent av utgiftene (maks åtte gonger salærsatsen). Det er advokaten som krev inn eigendelen. 

Fri rettshjelp i utlandet

Alle søknader om fri rettshjelp i utlandet blir behandla av Statsforvaltaren i Oslo og Viken.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 04.01.2023

Advokater skal søke via rettsrad.no

Fra 1. juli 2022 er det obligatorisk for advokater å søke om fri rettshjelp via rettsrad.no


Publisert 14.01.2022

Offentlig salærsats for 2022

Den offentlige salærsatsen fra 01.01.2022 har økt til kroner 1121,- for advokater. Salærsatsen for tolker er kr 896,80, -. Den nye salærsatsen gjelder for arbeid som er avsluttet etter 01.01.2022.

Salærsatsen for reisefravær er kr 784,7 per time (gjelder for både advokater og tolker). Den nye salærsatsen for reisefravær gjelder for alle saker som er påbegynt etter 1. juli 2022.


Publisert 14.01.2022

Inntektsgrensene for fri rettshjelp vert heva frå 1. januar 2022

Inntektsgrensa for einslege vert heva til kr. 320 000,- og grensa for ektefeller og sambuarar vert heva til kr. 490 000,-


Publisert 30.10.2020

Forslag til ny rettshjelpslov med tittelen "Likhet for loven"

Rettshjelpsutvalget har i NOU 2020: 5 Likhet for loven: Lov om støtte til rettshjelp, den 30.04.2020 fremlagt forslag til ny lov.

Forslaget er i sin helhet rettet mot personer som ikke selv har økonomi til å kjøpe advokattjenester.


Publisert 30.10.2020

Nytt rundskriv om fri rettshjelp i EØS/NAV-saka

Sjå lenke til artikkel på regjeringen.no, og lenke til nytt rundskriv om fri rettshjelp. Fri rettshjelp utan behovsprøving bli ikkje gitt før etter at NAV har fatta nytt vedtak. Dette fordi NAV tek opp desse sakene og fattar nytt vedtak på eige initiativ: