Barnets beste - frå teori til praksis

Bilde: Bielke&Yang/Alexandra Gjerlaugsen 

Kva betyr det at barnets beste skal vere eit grunnleggjande omsyn i alle saker som gjeld barn?

Vi ønskjer velkommen til seminar med Barneombod Inga Bejer Engh og statsforvaltarane.


Barneombodets nye e-læringskurs gjev innføring i barnets beste-vurderingar og barns rett til å medverke på systemnivå og i si eiga sak. På dette seminaret ønskjer vi å presentere kursa og modellen, som vi håpar kan bli nyttig i kommunanes arbeid med å sikre barnets beste i praksis.

Seminara vert arrangert i samarbeid med Statsforvaltaren i Vestland, Statsforvaltaren i Troms og Finnmark og Statsforvaltaranes nasjonale gruppe for arbeid med barnekonvensjonen i praksis, der alle landets statsforvaltarar er representert.


Målgruppa for seminaret er alle som jobbar med saker og tema som gjeld barn og unge, direkte eller indirekte.

 

Påmelding

Klikk på denne lenkja for å følgje sendinga: Live arrangement Barnets beste - frå teori til praksis - 15. mars 2024

Deltaking er gratis.






PROGRAM
Tema: Kva betyr det at barnets beste skal vere eit grunnleggjande omsyn i alle saker som gjeld barn?



09:00 - 09:05

Velkommen og praktisk informasjon


09:05 - 09:20Innleiing til dagens tema
Liv Signe Navarsete, statsforvaltar i Vestland



09:20 - 10:00Barnets beste - frå teori til praksis
Inga Bejer Engh, Barneombodet



10:00 - 10:15Pause



10:15 - 10:35Barn og unge si stemme i Årets ungdomskommune 2023-2024
Anita Hesthammar, rådmann og Ungdomsrådet i Kvam herad



10:35 - 11:00Dialog og spørsmål



Vi tek atterhald om at det kan bli endringar i programmet






Om e-læringskurset

Alle som tek avgjerder på vegner av samfunnet skal vurdere kva som er best for barn. Dette gjeld både på individnivå og på systemnivå. Dei viktigaste avgjerdene for barn vert ofte tekne på lokalt nivå, og derfor er alle som jobbar i ein kommune viktige for at omsynet til barnets beste skal bli vareteke i alle saker om gjeld barn og unge. Kommunen skal vera ein god stad å vekse opp.


Målet med å vurdere barnets beste på systemnivå er å kartleggje og vurdere born og unges interesser og behov. Dette skal inngå som ein del av avgjerdsgrunnlaget i saker som gjeld barn og unge. Ved å gjere ei slik vurdering, vil du kunne ta avgjerder som varetek barns interesser, samstundes som du sikrar rett bruk av samfunnets ressursar.


Barneombodet har lenge jobba med korleis fleire avgjerder på systemnivå kan vareta barnets beste. Vi har sett prosessen med å vurdere barnets beste inn i ein modell med fire steg – vite, vurdere, vekte og vise. Samstundes har vi utvikla eit praktisk verktøy som kan brukast i denne prosessen, som vi har kalla barnerettsvurderingar.

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon