Utan miljødokumentasjon blir det ikkje hogst
Utdaterte skogbruksplanar og miljøregistreringar er ei utfordring, og utan gyldig miljødokumentasjon er det i praksis hogstforbod.
Takstutvalet for Hjelmeland, Strand, Stavanger og Sandnes inviterer tre aktuelle takstselskap til å gi tilbod på eit omfattande skogbruksplanprosjekt med miljøregistreringar (MiS). Ein føresetnad for gjennomføring av prosjektet er tilstrekkeleg interesse blant skogeigarane med ei planbestilling på minst 50 prosent av det produktive skogarealet.
150 000 dekar skog skal kartleggjast
Prosjektet omfattar om lag 150 000 dekar produktiv skog i område med relativt god dekning med tidlegare digitale skogtakstar, og har som mål å gi skogeigarane oppdaterte skogbruksplanar med miljøregistreringar i skog (MiS) som grunnlag for aktiv og berekraftig forvaltning av skogressursane. Grunneigarar med over 25 dekar skog vil få tilbod om skogbruksplan med nye miljøregistreringar.
Miljøregistreringane skal oppdaterast
Det skal gjennomførast full revisjon av eksisterande MiS-registreringar, som er forelda, og registreringane skal utførast etter gjeldande metodikk. Prosjektet skal etter planen vere ferdig innan oktober 2028.
Takstselskapa blir inviterte til å gi tilbod
Tilbydarane blir bedne om å levere pris på både fototakst med kontrollmålingar i felt og full lasertakst med prøveflater og synfaring i felt på delar av arealet. Pristilbod skal sendast til takstutvalet innan 15. september 2026.
Skogeigarane får tilbod om ny skogbruksplan
Takstutvalet vil ta endeleg stilling til val av leverandør på bakgrunn av ei samla vurdering av pris, kvalitet, innhald og gjennomføringsevne. Når leverandør/takstselskap er vald, blir det søkt tilskot og godkjenning av takstopplegget til Statsforvaltaren i Rogaland. I tillegg blir det sendt ut tilbod om skogbruksplan med miljøregistreringar til alle skogeigarane så raskt som mogleg.