No kan du kjøpe mjølkekvote frå staten

Publisert 21. august kl. 11:07

For fyrste gong sidan 2022 er det no mogleg å kjøpe grunnkvote for kumjølk frå staten. Prisen er 4 kroner per liter utan mva. og søknadsfristen er 1. oktober. Kjøpet får verknad 1. januar 2027. 

Fleire kjøparar påverkar salsvolumet til den enkelte

Landbruksdirektoratet opnar for kjøp av grunnkvote for kumjølk. Det har ikkje vore mogleg å kjøpe grunnkvote frå staten sidan 2022. Mengde tilgjengeleg mjølk for sal er totalt 700 000 liter. 

Mengde grunnkvote som kan seljast er avhengig av tilgjengeleg kvotevolum. Difor vil det vere variasjon mellom dei ulike produksjonsregionane, avhengig av mengde mjølk som blir til sals og tal søkarar. Difor er det forventa at mjølkemengda som kan tildelast den enkelte kjøpar er avgrensa. Erfaringa er at det tidlegare har vore stor interesse for kjøp av kvote frå staten. 

Hugs søknadsfristen 1. oktober

Føretak kan søkje om å kjøpe grunnkvote frå staten. Eit av vilkåra er at du ikkje kan selje grunnkvote og søkje om kjøp av grunnkvote same år. Du kan heller ikkje kjøpe kvote slik at grunnkvota på eigendomen overstig 700 000 liter kumjølk. 

Du kan søkje elektronisk ved å logge inn på Kvoteordninga for mjølk via Altinn. Søknadsfristen er 1. oktober. Fullstendig informasjon om vilkår og søkjerettleiing finn du på Landbruksdirektoratet sin nettside

Du må disponera kjøpt grunnkvote innan 15. desember

Kjøpt grunnkvote blir ikkje automatisk disponert til eit føretak. For at grunnkvota skal brukast til mjølkeproduksjon, må du som kjøpar disponera kvota til eit produksjonsføretak i perioden 1. oktober til 15. desember 2026. Viss grunnkvota ikkje blir disponert innan fristen, kan den ikkje nyttast i 2027. Her finn du lenkje til innlogging og registrering av disponering.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Janne Breivik
seniorrådgiver husdyr, Statsforvaltaren i Rogaland