Lik spreiefrist for husdyrgjødsel i nesten heile Rogaland

Publisert 16. desember 2025 kl. 08:00
|
Oppdatert for 7 timar sidan

Ny lokal forskrift gjer at heile Rogaland, med unntak av Utsira og Kvitsøy, får lik frist for spreiing av husdyrgjødsel frå 1. februar 2026. Fristen blir 1. september.

Gjødselspreiing.
Gjødselspreiing. Foto: Nono Dimby.

Lokal forskrift avgrensar spreiing av husdyrgjødsel og anna organisk gjødsel til seinast 1. september. Dette gjeld for kommunane Bjerkreim, Bokn, Eigersund, Haugesund, Hjelmeland, Karmøy, Lund, Sauda, Sokndal, Strand, Suldal, Tysvær og Vindafjord. Jæren har etter gjødselbrukforskifta allereie 1. september som spreiefrist. 

Den lokale forskrifta er innført for å sikre at vassførekomstar bevarer sin økologiske tilstand og ikkje blir dårlegare.


Agronomiske tilrådingar er å spreie husdyrgjødsel på våren og i vekstsesongen når plantar har størst vekstpotensial. I dei fleste høva vil to spreiingar av husdyrgjødsel føre til at ein når øvre grense for kva ein kan gjødsle med fosfor for inneverande vekstsesong. Dette tilseier at det normalt sett ikkje er rom for å tilføre meir fosforhaldig gjødsel mot slutten av vekstsesongen. Bønder i Rogaland har innretta seg til 1. september som spreiefrist i mange år.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Nono Dimby
seniorrådgivar, Statsforvaltaren i Rogaland
Torhild Narvestad Anda
rådgiver, Statsforvaltaren i Rogaland