Gode dagar på garden – Inn på tunet i demensomsorga

Publisert i dag kl. 14:11

Gjennom Inn på tunet får menneske med demens oppleve aktivitet, meistring og fellesskap. Sjå korleis garden kan vere ein verdifull ressurs i demensomsorga.

Demente personar tar del i gardsdrifta på Kolnesstranden gard.
På Kolnesstranden gard i Sola kommune kan demente få ta del i drifta på garden. Foto: Marianne Bø.

Garden som arena for meistring og fellesskap

Inn på tunet er tilrettelagde og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. For personar med demens kan praktiske gjeremål, kontakt med dyr, naturopplevingar og sosialt samvær bidra til aktive og meiningsfulle dagar.

Gode erfaringar frå kommunane i Rogaland

I Rogaland har fleire kommunar gode erfaringar med å bruke Inn på tunet som eit supplement til dei ordinære dagaktivitetstilboda. Tilboda kan bidra til auka livskvalitet for deltakarane, samtidig som dei gir verdifull avlasting for pårørande.

Ein ressurs i demensomsorga

Statsforvaltaren i Rogaland ønskjer å gjere moglegheitene innan Inn på tunet betre kjende og oppmodar fleire kommunar til å vurdere garden som ein ressurs i demensomsorga.

Sjå filmen og bli inspirert

Inn på tunet Norge SA har laga ein film om korleis Inn på tunet kan skape gode dagar for menneske med demens.

▶ Sjå filmen om Inn på tunet; Demensomsorg på gård