Endringar i plan- og bygningslova grunna flyktningar frå Ukraina

Regelverket for byggesaksbehandling er forenkla for å bidra til at flyktningar frå Ukraina skal få naudsynte bu- og opplæringstilbod i norske kommunar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.02.2023

Oppføring av nye bygg og bruksendring av eksisterande bygg skal vurderast av kommunen gjennom byggesøknad. Grunna krigen i Ukraina har Stortinget vedteke mellombelse unntak frå regelverket. Endringane gjeld i første omgang fram til 1. juli 2023.

Unntak frå søknadsplikta

I plan- og bygningslova er det føresegnene i lovas paragraf 20-9 og lovas paragraf 20-10 som er nye. I paragraf 20-9 opnar lova for at kommunen kan gjere unntak frå søknadsplikta for visse byggetiltak knytt til bustadtilbod, skular og barnehagar, omsorgssenter og innkvartering av asylsøkarar. Tiltaka kan gjennomførast utan å vere i samsvar med den einskilde kommunes gjeldande arealplanar.

Vilkår for unntak

Vilkåra for dei mellombelse endringane er skrive ned i § 20-9, og handlar mellom anna om tryggleik og at bygginga ikkje skal gå ut over kultur, miljø og dyrkbar jord. Sakshandsamingsreglane er fastsett i § 20-10, medan den gjeldande forskrifta på området er Midlertidig forskrift om unntak frå plan- og bygningsloven for å håndtere høye ankomster av fordrevne fra Ukraina.

Les meir om forenkla byggesaksprosessar på regjeringa.no

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.