Ti kommunar kjempar om Leve heile livet-prisen

Leve heile livet er kvalitetsreforma for eldre. No er ti kommunar nominert til den gjeve prisen som blir delt ut på Leve heile livet-konferansen 16. november.

Publisert 26.09.2022

Leve heile livet skal rigge lokalsamfunn og tenester slik at så mange som råd skal oppleve god livskvalitet og få helsehjelpa dei treng, når dei treng det. Korleis kan vi motivere dagens og morgondagens  pensjonistar til å bidra med kunnskap og ressursar? Og korleis kan det offentlege, det private og sivilsamfunnet samarbeide tettar for å løyse utfordringane? For å finne vinnaren av Leve heile livet-prisen 2022 ser juryen etter ein kommune som har involvert seniorbefolkninga og som jobbar for samskaping med sivilsamfunn, frivillige og næringsliv.

Helse- og omsorgsdepartementet deler ut prisen til ein kommune som

  • har forankra Leve heile livet som ei teneste- og samfunnsreform
  • har gjort konkrete endringar på systemnivå og medverka til å dele arbeidet med andre
  • har gjort konkrete tiltak som blir positivt lagt merke til av innbyggjarar i alderen 65+

På Leve heile livet-konferansen i november får tre finalistar vise fram arbeidet sitt. Dei tre finalistane blir valde ut mellom ti nominerte kommunar, desse er

  • Stavanger​
  • Vennesla​
  • Holmestrand​
  • Lom​
  • Halden​
  • Ålesund​
  • Øygarden​
  • Melhus​
  • Vefsn​
  • Sør-Varanger

Vinnar-kommunen blir kåra på konferansen og får ein pengepremie på 100 000 kroner. Leve heile livet-konferansen er heildigital, open og gratis for alle. Helsedirektoratet håpar å samle 5000 deltakarar frå heile landet til konferansen i år.

Påmelding og meir informasjon om Leve heile livet-konferansen 16. november 2022.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.