Statsforvaltaren overtek oppgåver frå Husbanken

Frå 1. september blir kommuneretta oppgåver frå to regionkontor hos Husbanken overført til statsforvaltarane i Nordland, Vestland og Rogaland. Målet er å skape eit sterkt fagmiljø der bustad blir sett i samanheng med fagområde som helse, sosial, rus, barnevern og arbeidsliv.

Publisert 31.08.2021

Det treårige forsøket skal gi ei sterkare kopling mellom bustadsosialt arbeid og andre kommuneretta oppgåver hos Statsforvaltaren. Dei tilsette som blir overført frå Husbanken til Statsforvaltaren, skal ha kontor i Bodø og Bergen.

Samordning av oppgåver

Statsforvaltarane har dei siste åra fått ei sterkare rolle i arbeidet med å samordne statlege verksemder regionalt. Som ei prøveordning innan det bustadsosiale arbeidet blir rettleiing til kommunane overført til statsforvaltarane i Nordland, Vestland og Rogaland. Dette er i tråd med prinsippet om at oppgåver som krev stor grad av koordinering, eller har kontaktflater med kvarandre, bør leggast til same forvaltningsorgan. Statsforvaltarane har i dag ei rekkje oppgåver innan helse, sosial, rus, barnevern, plan og anna kommunerettleiing.

Sentralt i det bustadsosiale arbeidet er mellom anna heilskapleg bustadplanlegging i kommunane, bustader for eldre, nullvisjon for bustadlausheit og tiltak for at barnefamiliar, unge uføre og andre utsette grupper kan få eige sin eigen bustad.

Dei tre statsforvaltarane har valt ulike organiseringar av dei nye oppgåvene.

Hos Statsforvaltaren er vi glade for å ønskje velkommen til dei nye, godt kvalifiserte medarbeidarane som kjem frå Husbanken!