Rettane til menneske med nedsett funksjonsevne

Oppdatert 14.02.2024

FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) skal bidra til å motverke diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne. Eit prosjekt i perioden 2023–2025 skal gjere kommunar og Statsforvaltaren betre rusta til å bruke konvensjonen i sitt daglege arbeid. 

Personar med funksjonsnedsettingar blir oftare enn andre utsette for brot på menneskerettane. Målet til regjeringa er at alle skal vere likestilte i samfunnet. Alle skal kunne delta, bidra og leve frie, sjølvstendige liv. 

Norske kommunar har ei plikt til å følgje menneskerettskonvensjonane som Noreg har slutta seg til, mellom anna CRPD. Statsforvaltaren og kommunane skal jobbe aktivt for å nå likestilling for personar med funksjonsnedsetting.

Kompetansen skal opp

I 2023 starta eit nasjonalt prosjekt som skal få Statsforvaltaren og kommunane til å innarbeide CRPD i oppgåvene sine. Målet er at kommunane og statsforvaltarane skal få auka kompetanse om korleis dei kan oppfylle menneskerettane for personar med funksjonsnedsetting.

CRPD skal brukast aktivt hos statsforvaltarane og i kommunane, i kommunens planstrategi, kommuneplanen og i malverket for vedtak. CRPD skal vere synleg i saksbehandlinga av saker som gjeld personar med funksjonsnedsetting og vere rettleiande når vi utformar og yter tenester til denne gruppa.

Statsforvaltaren skal hjelpe kommunane

Statsforvaltaren skal hjelpe kommunane gjennom kompetansehevande tiltak og rettleiing når det gjeld bruken av CRPD. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har laga ein rettleiar om CRPD, som kan vere til god hjelp for kommunane og vise veg når det gjeld korleis konvensjonen skal brukast. Det er også laga teikningar og filmar som kan brukast til refleksjon, desse er nyttige å bruke for å forstå og bruke CRPD i praksis.

Alle kommunar skal vere med innan 2025

Bufdir har mål om at alle kommunar skal vere involverte i prosjektet, gjennom opplæring frå Statsforvaltaren i løpet av prosjektperioden 2023–2025. Kommunane bestemmer sjølv korleis dei ønskjer å organisere arbeidet i samband med den nasjonale utrullinga av CRPD-prosjektet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.