Meld frå om alvorleg hending i helse- og omsorgstenesta

Meldeplikta gjeld alle verksemder som yter helsehjelp. Plikta til å melde frå gjeld til dømes spesialisthelsetenesta, kommunal helse- og omsorgsteneste, private tenesteytarar og tannhelsetenester.

Føremålet er å sikre læring og betre rutinar

Alle som yter helsehjelp pliktar å melde frå om alvorlege hendingar. For å sikre betre læring etter alvorlege hendingar blir det stilt tydelege krav til oppfølgingsarbeid i verksemda. 

Statsforvalteren rettleiar og støttar verksemda i forbetringsarbeidet. Vi skal ikkje primært granske enkelthendingar. Hovudmålet med meldeordninga er at verksemda sjølv lærer av alvorlege hendingar, og etablerar rutinar for å hindre at hendinga skjer igjen.

Kva skal meldast?

Hendingar som verksemda skal melde frå om er

  • dødsfall eller svært alvorleg skade på pasient eller brukar som har samanheng med helsehjelpa
    ein pasient/brukar skadar ein annan, og utfallet er uventa ut frå pårekneleg risiko
  • Verksemda skal melde frå om alvorlege hendingar snarast mogleg og seinast innan fem yrkedagar etter hendinga.

Kven skal melde?

Alle verksemder som yter helse- og omsorgstenester har meldeplikt, og meldingar skal sendast via portalen melde.no.

Ja, privatpersonar kan bruke meldeordninga til å melde frå om alvorlege hendingar. Pasient, brukar eller næraste pårørande kan melde frå. Ver merksam på at melde.no skal brukast berre ved dødsfall eller alvorleg skade på pasient eller brukar.

Viss du ikkje er nøgd med helsehjelpa du har fått, og utfallet ikkje er dødsfall eller alvorleg skade, ber vi deg bruke skjemaet Klage på helsehjelp (Altinn.no).

Kva skjer etter at verksemda har meldt frå?

Statsforvaltaren vurderer hendinga det er meldt frå om, og avgjer om vi skal behandle saka via meldeordninga. I saker som vi vel å følgje opp, tek vi kontakt med den aktuelle verksemda.

Eit av oppfølgingspunkta er at verksemda sjølv utarbeidar ein rapport om hendinga.

Kva skal med i rapporten?

Verksemda sender rapporten til Statsforvaltaren innan tre månader etter hendinga. Rapporten skal mellom anna innehalde:

  • gjennomgang av hendinga og moglege årsaker
  • kva tiltak verksemda skal gjere for at liknande hendingar ikkje skal skje igjen
  • korleis pasienten, brukaren, næraste pårørande og helsepersonell er følgt opp og involverte i forbetringsarbeidet

Helsedirektoratet har laga denne informasjonen til verksemder:

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.