Skjenkeløyve

Oppdatert 22.03.2022

Dersom du ønskjer å selje eller skjenke alkohol, må du først søkje om sals- eller skjenkeløyve. Det er kommunen der alkoholen skal seljast eller skjenkast, som kan gi slike løyve. Statsforvaltaren kan gi skjenkeløyve til skip som fungerer som kollektivt transportmiddel, og til cruiseskip.

Klagerett

Dersom du søkjer om sals- eller skjenkeløyve og får avslag frå kommunen, kan du klage til Statsforvaltaren. Statsforvaltaren kan berre avgjere om innhaldet i vedtaket er lovleg, om det er gjort av rett forvaltingsorgan, og om det har blitt til på lovleg måte. Du sender klagen til den kommunen som har gjort vedtaket om avslag.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Lenkjer