Grunnskule og vidaregåande opplæring

Oppdatert 12.03.2024

Grunnopplæringa vil seie grunnskule og vidaregåande opplæring. Opplæring på grunnskulenivået er eit kommunalt ansvar. Fylkeskommunen har ansvar for opplæringa på vidaregåande nivå. Private skular godkjende etter privatskulelova kan også tilby grunnopplæring.

Statsforvaltaren har ansvaret for at eksamen i grunnskulen og på vidaregåande skule, nasjonale prøver og obligatoriske elektroniske kartleggingsprøver blir gjennomførte etter gjeldande lover og retningslinjer.

Statsforvaltaren rettleiar fylkeskommunale, kommunale og private skuleeigarar etter opplæringslova og privatskulelova. Vi skal òg føre tilsyn med at skuleeigarane driv i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

Mobbing og andre former for krenkande ord og handlingar

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skulemiljø utan mobbing og krenkingar. Viss du som elev ikkje har det trygt og godt på skulen, skal skulen hjelpe til. Viss skulen ikkje hjelper til, kan du ta kontakt med oss hjå Statsforvaltaren. Vi har meir informasjon om korleis du får ein trygg skuledag utan mobbing. 

Klage til Statsforvaltaren

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og privatskulelova med tilhøyrande forskrifter. Ei klage på eit enkeltvedtak skal sendast først til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir medhald i klaga, eller ikkje avviser saka, skal ho sendast til Statsforvaltaren for endeleg behandling.

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og friskulelova med tilhøyrande forskrifter. Viss du ønskjer å klage på eit enkeltvedtak, sender du klagen din til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir deg medhald i klagen din, blir klagen automatisk sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.