Statsborgarseremoni – ein dag for glede og stoltheit

Publisert i går kl. 20:22

Denne helga har vi gleda oss over at 1180 personar frå 86 ulike land fekk norsk statsborgarskap i Møre og Romsdal i 2025. Seremoniane var i Ålesund og Kristiansund. 

Alle nye statsborgarar og ordførarar på seremonien i Kristiansund 6. september 2026.

– I tråd med verdiane H.M. Kong Harald ofte har løfta fram, som fellesskap, respekt og inkludering i eit mangfaldig samfunn, valde vi å gjennomføre seremoniane denne helga, trass i sorga landet vårt står i. Vi ønskte dei nye statsborgarane varmt velkomne inn i det norske fellesskapet og til Møre og Romsdal, seier statsforvaltar Else-May Botten. 

I Ålesund og Kristiansund

På seremonien i Ålesund 5. september var nye statsborgarar frå kommunar på Sunnmøre, i Rauma og i Vestnes samla. 6. september var nye statsborgarar frå resten av Romsdal, og kommunar på Nordmøre samla i Kristiansund.

Ei markering som betyr mykje 

Ordførar i Herøy, Ann-Kathrin Storøy, hadde teke turen til Ålesund saman med fleire nye norske statsborgarar frå kommunen. 

– Dette er noko eg som ordførar ser fram til, og ønsker å prioritere. Det er stas å få vere med på ein dag som er så viktig for mange. Her har folk pynta seg og teke med seg venner og familie for å feire. Ja, det er nesten som 17. mai, sa ho med eit smil. 

Portrett
Ordførar i Herøy, Ann-Kathrin Storøy Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Susanne Aare Dahl.

Gratulerte frå kommunane 

Ordførar i Smøla kommune, Svein Roksvåg, var gjestetalar i Kristiansund. 

– De som samla er her i dag, bidreg med erfaring, språk, tradisjonar og perspektiv. Dette styrkar Noreg. Mangfald gjer oss rikare. 

Han gratulerte dei nye statsborgarane med dagen på vegne av kommunane.

– Vi gler oss til å ha dykk i nabolaget, som medborgarar, kollegaer, vennar og samfunnsbyggarar. 

Vil vere ein del av det norske samfunnet

På seremonien i Kristiansund hadde Smøla-ordføraren fire nye statsborgarar, nemleg familien Nicolai frå Tyskland. 

Roksvåg meiner det er viktig å feire nye statsborgarar. 

 – Dei nye borgarane har stor betydning for småsamfunna. Dei er ein viktig del av både arbeids- og samfunnsliv, og ikkje minst frivilligheita. 

Foto av Ordførar Svein Roksvåg og familien Nicolai
Ordførar Svein Roksvåg og familien Nicolai. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal / Susanne Aare Dahl.

Mor i familien, Simone Nicolai, fortalde at det kjentest riktig å bli norske statsborgarar no. Ho og mannen var ofte på Noregsferie då dei var unge. 

– Vi var einige om at vi skulle flytte hit då vi var pensjonistar. Men tilfeldigheiter gjorde at det skjedde lenge før, og no har vi budd her i 20 år, fortalde ho. Vi forelska oss i den norske naturen, men mest av alt i folket. Vi har møtt så mange imøtekommande, hyggelege og hjelpsame menneske på vår veg – og spesielt på Smøla. 

– Det er eit utrykk som er mykje brukt i Noreg, og som vi likar veldig godt: Det ordnar seg!  

Noreg er heime 

Rundt Herøy-bordet i Ålesund gjekk praten lett. To av dei som sat saman med ordføraren, var Laima og Karol Grzelak. Ho er frå Litauen og han frå Polen, men dei møtte kvarandre i Noreg.  

Laima fekk norsk statsborgarskap i fjor. Denne dagen var det Karol sin tur. Han har budd 18 år i Noreg. 

– Eg søkte om norsk statsborgarskap fordi eg ville integrere meg endå betre. Eg ville bli meir kjent med norsk kultur, og eg er interessert i norsk politikk. Det er viktig for meg å bruke stemmeretten min, fortalde han. 

– Statsborgarseremonien gjorde at eg kjende meg bekrefta og anerkjent som ein del av det norske samfunnet. 

Også Laima kjenner ei sterk tilknyting til landet. 

– Det er Noreg som er heime for oss. Når vi er på ferie, kan vi ta oss i å lengte heim til Noreg og kvardagen vår her. 

Ho syntest også det var kjekt å sjå at statsborgarseremonien samla menneske i alle aldrar. 

– Eg trudde først at det ville vere mest unge folk på seremonien, men det stemte ikkje. Her er det nye statsborgarar i alle aldrar, og det er veldig kjekt å sjå. 

Portrett
Laima og Karol Grzelak Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal / Susanne Aare Dahl.

Oppmoda til å engasjere seg 

Ordførar i Ulstein kommune, Stian Skorgen Scheide, var gjestetalar i Ålesund. 

– De har med dykk språk og kultur og tradisjonar, og ikkje minst minne, som alltid kjem til å vere med dykk. Det skal de vere stolte av. Dagen i dag handlar ikkje om å viske ut noko av dette. Han handlar om å starte eit nytt kapittel. 

Ordføraren oppmoda dei nye statsborgarane til å engasjere seg og vere med på å forme samfunnet dei ønsker å leve i. 

Foto frå talen
Gjestetalar ordførar Ulstein Stian Skorgen Scheide. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal / Susanne Aare Dahl.

Lova truskap til Noreg 

Etter talane gjekk dei nye statsborgarane opp på scena kommune for kommune. Der fekk dei rose og bok, før dei vart fotograferte. Deretter reiste alle seg og framførte truskapsløftet: 

«Som norsk statsborgar lover eg truskap til mitt land Noreg, og det norske samfunnet. Eg støttar demokratiet og menneskerettane og vil respektere Noregs lovar.» 

Seremoniane vart avslutta med felles framføring av nasjonalsongen. 

Samla til feiring 

Då den formelle delen var over, heldt markeringa fram med kaffi, kake, is og brus. Salane var fylt av smil, gratulasjonar og samtalar mellom nye statsborgarar, familiar og inviterte gjester. 

For mange vart dagen både ei markering av vegen dei har gått, og starten på eit nytt kapittel som norske statsborgarar. 

Sjå alle bilde frå seremonien på Facebooksida vår