Gjennom regionalt miljøprogram kan du få finansiert tiltak for å utsette slåtten, der det er påvist hekking av åkerrikse, vipe, storspove eller grashoppesangar.
Vilkår for å få tilskot til dette tiltaket er:
- Hekkinga må vere stadfesta av Statsforvaltaren etter t.d. rapport frå grunneigar eller annan med god kunnskap
- Det er inngått avtale med Statsforvaltaren om å utsette slåtten
- Slått av areal omkring reiret blir utsett til etter 1. august
- Statsforvaltaren fastset storleiken på arealet
- Grunnvilkåra for regionale miljøtilskot må vere oppfylte
Vi oppmodar om at alle er på utkik og ser og lyttar etter fugl på markane rundt i fylket. Alle kan engasjere seg i dette. Bonden kan ta kontakt med kommunen. Andre kan kontakte bonden som driv areala, kommunen eller Statsforvaltaren si miljøvernavdeling.
Foto: Ingar Støyle Bringsvor |
Åkerrikse er vanskelig å oppdage, fordi den ofte ikkje lettar om du kjem nær. I staden gøymer den seg i graset. Du kan høyre den karakteristiske lyden av åkerrikse om kvelden og natta og ut over morgonen - nesten som når du dreg tommelfingernaglen over ein kam. |
|
Foto: Ingar Støyle Bringsvor |
Vipa er lettare å få auge på, der den trippar langs kanten av enga eller flyg over markene. Den ser etter opne område, som er rike på meitemark og insekt. |
|
Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal |
Storspove er den største vadefuglen vår, og vert rekna som kulturlandskapet sin fugl, men trivst også på lyngheier, myrar og strandenger.
|