Ordinært skjønstilskot for 2026

Søknadsfrist:
30. august 2025 23:59
Målgruppe:
Kommunar
Ansvarleg:
Samfunnsavdelinga
Kven kan søke:
Kommunar i Rogaland

KDD fordeler kvart år skjønstilskot til kommunar etter ei innstilling frå statsforvaltarane. Skjønstilskotet skal kompensere kommunar for lokale forhold som ikkje blir fanga opp i den faste delen av inntektssystemet, og bidra til fornying og utvikling i kommunesektoren. Fordelinga av ordinære skjønstilskot skjer om hausten, i samband med statsbudsjettet.

Publisert 20.01.2025

Stortinget behandla kommuneproposisjonen for 2026 17. juni 2025 og ga Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) fullmakt til å fordele ei nasjonal skjønsramme på 1 030 mill. kroner i skjønstilskot til kommunar og fylkeskommunar. Skjønsramma for kommunane er sett til 830 mill. kroner, som er ei auke på 30 mill. kroner frå 2025.

Statsforvaltaren informerer kommunene per brev dagsett 1. juli 2025 om prosessen for fordeling av ordinært skjønstilskot for 2026 og restskjøn for 2025, sjå brevet i høgremenyen. For å kunne få ordinært skjønstilskot for 2026, må kommunen sende inn søknad innan 30. august 2025 – berre søknadar som kjem innan fristen blir vurderte. Frist for å melde inn behov for restskjøn for 2025 er 30. september 2025. Frist for å søkje om skjønstilskot til utvikling og innovasjon for 2026 er 1. november 2025. 

Søknadsfrist:
30. august 2025 23:59
Målgruppe:
Kommunar
Ansvarleg:
Samfunnsavdelinga
Kven kan søke:
Kommunar i Rogaland