Midlar til symjeopplæring for barn i barnehage 2022

Søknadsfrist:
1. august 2022
Målgruppe:
Barn i barnehagar i alderen 4-6 år i Rogaland
Ansvarleg:
Statsforvaltaren i Rogaland
Kven kan søke:
Kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar
Rapporteringsfrist:
1. desember 2022
Søk tilskot for at barn i barnehagen blir trygge i vatn.
Søk tilskot for at barn i barnehagen blir trygge i vatn.

Kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar som ønskjer å drive symjeopplæring i barnehagen, kan no søkje Statsforvaltaren om tilskot for 2022. Søknadsfristen er 1. august 2022.

Publisert 13.01.2022

Tilskot

Statsforvaltaren i Rogaland lyser med dette ut tilskotsmidlar til symjeopplæring for barn i barnehagar. Statsforvaltaren har fått tildelt kr 7 059 000 som skal nyttast til formålet. 

Tilskotssatsen er kr 1 950 per barn. Delar av tilskotet kan òg nyttast til transport, symjeutstyr som våtdrakt, symjebrett og anna.

Målet med tilskotet

Målet med tilskotet er å gi barn betre symjeferdigheiter. Tilskotet skal bidra til at kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar kan gjennomføre tiltak for å gi barn i barnehage tilstrekkeleg symjeopplæring slik at barna blir trygge i vatn.

Målgruppe

Barn i barnehagar i alderen 4-6 år i Rogaland.

Vilkår for tilskot

  • Symjeopplæringa skal skje i barnehagen si opningstid og i hovudsak i basseng. Det er òg mogleg å ha symjeopplæring i vatn/sjø.
  • Heile tilskotet skal nyttast til aktivitetar som er relaterte til symjeopplæring av barna.
  • Gutar og jenter skal få eit likeverdig tilbod.
  • Ein kan ikkje nytta tildelte midlar til andre barn enn dei det er søkt for utan at dette er avtalt med Statsforvaltaren.
  • Barnehagar må sikre at dei ikkje har avtale med fleire enn ein symjeklubb når det gjeld søknad om midlar.
  • Ein kan søkje om tilskot for eit kalenderår om gongen.
  • Dei som har fått midlar overførte frå 2021 til 2022 må levere rapport før Statsforvaltaren kan tildele nye midlar.

Organisering

Tilskotsmottakarane vel korleis dei skal organisere og gjennomføre opplæringa innanfor rammene for tilskotet. Kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar må sjølv dekkje kostnader ut over tilskotet.

Søknader som beskriv samarbeid mellom ein kommune og frivillige organisasjonar skal prioriterast. Kommunar kan også samarbeide om symjeopplæring.

Søknad om tilskot

Frå 2022 tek Statsforvaltaren i bruk det nasjonale digitale søknadsskjemaet. Du finn søknadsskjema i høgremenyen. Vi ønsker at kommunen tek i mot søknader frå barnehagane, og sender desse samla til Statsforvaltaren.

Behandling av søknader

Statsforvaltaren vil behandle søknadane fortløpande. Statstilskotet har dei siste åra vore romsleg og alle som har søkt har fått tildelt midlar.

På grunn av koronapandemien har fleire barnehagar og symjeklubbar fått overført midlar frå 2021 til 2022. Desse må levere ny rapport før Statsforvaltaren kan tildele nye midlar.

Midlane blir utbetalte kort tid etter at vedtak om tilskot er fatta. Vi oppmodar alle til å søkje snarleg og i god tid før søknadsfristen. Søknader som er for seint innkomne vil ikkje bli behandla.

Rapportering

Tilskotsmottakarane skal innan 1. desember 2022 rapportere til Statsforvaltaren om bruk av midlane. Tilskotsmottakarane må orientere seg om kva som skal rapporterast.

Frå 2022 tek Statsforvaltaren i bruk det nasjonale digitale rapporteringsskjemaet. Du finn rapporteringsskjema i høgremenyen.

For dei som rapporterer for fleire barnehagar

I kolonnen «Antall barn totalt» skal ein føre opp talet på barn som har gjennomført symjeopplæringa.

I kolonnen «Beskrivelse av opplæringa» ber vi at det mellom anna vert opplyst kor mange timar symjeopplæring barna har fått.

 

Søknadsfrist:
1. august 2022
Målgruppe:
Barn i barnehagar i alderen 4-6 år i Rogaland
Ansvarleg:
Statsforvaltaren i Rogaland
Kven kan søke:
Kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar
Rapporteringsfrist:
1. desember 2022