Nasjonal test av nødvarsel onsdag 10. juni kl 12.00
Onsdag 10. juni kl 12 blir Nødvarsel på mobil og Sivilforsvaret sine varslingsanlegg testa over heile Norge i ei felles nasjonal varslingsprøve.
Alle nyare mobiltelefonar som er kopla til 4G- eller 5G-nett i Norge, vil ta imot nødvarselet. Samstundes vil tyfonane gi signalet «Viktig melding – søk informasjon».
Føremålet med testen er å kontrollere at varslingssystema fungerer som dei skal, samstundes som befolkninga blir kjend med korleis det er å ta imot eit nødvarsel på mobilen, og med lyden og signala frå tyfonane.
Mobiltelefonar vil vibrere og spele av eit høgt varslingssignal, sjølv om telefonen er sett på lydlaus. Testen er berre ei øving, og det er ikkje nødvendig å gjere noko når varselet kjem.
Dersom du ikkje ønskjer å ta imot testen, må du setje telefonen i flymodus eller slå han heilt av i god tid før og etter klokka 12 den 10. juni.
Del gjerne informasjon om varslingsprøva, slik at flest mogleg er førebudde og veit at dette berre er ein test.
Du finner mer informasjon om varsling av befolkningen her: https://www.sivilforsvaret.no/dette-er-sivilforsvaret/varslinger/
Kontaktpersonar
-
Reidar Johnsen
Tlf: 51 56 88 39 -
Marie Røyksund
Tlf: 51 56 89 83