Arealforvaltning

Oppdatert 20.12.2023

Det er i utgangspunktet kommunen sjølv som avgjer korleis areala skal brukast, så lenge arealbruken er innanfor rammene av nasjonal politikk. Statsforvaltaren er fagstyresmakt innan landbruk, miljøvern, helse og samfunnstryggleik, og skal syte for at nasjonale interesser blir sikra. I tillegg skal vi sjå til at kommunale vedtak i plan- og byggjesaker er i samsvar med gjeldande lovverk.

Nasjonale retningslinjer må følgjast

Stortinget og regjeringa gir retningslinjer og rammer som kommunane skal leggje til grunn i arealforvaltninga. Statsforvaltaren skal sørgje for at kommunane sikrar nasjonale interesser innanfor miljøvern, landbruk, helse og samfunnstryggleik. Vi skal også sjå til at planlegginga er i tråd med interessene til barn og unge. Dersom den kommunale arealforvaltninga er i strid med nasjonale interesser, kan Statsforvaltaren gripe inn.

Statsforvaltaren kan gripe inn ved å fremje motsegn til arealplanar eller klage på vedtak i byggjesaker (dispensasjonsvedtak) som er i strid med arealplanen. Dersom kommunen vel ikkje å ta omsyn til motsegna, går saka til mekling mellom partane. Om meklinga ikkje fører fram, kan kommunen be om at saka blir send til Kommunal- og distriktsdepartementet for endeleg avgjerd.

Statsforvaltaren er klageinstans

Dei som blir påverka av kommunale vedtak i reguleringsplanar og byggjesaker, og av vedtak etter jordlova, konsesjonslova og odelslova, kan klage til Statsforvaltaren. Statsforvaltaren behandlar også klagesaker etter matrikkellova, eigarseksjonslova, veglova, tomtefestelova og lov om kommunal forkjøpsrett. Statsforvaltaren er i tillegg klageinstans i saker der det offentlege overtek privat eigedom etter plan- og bygningslova (ekspropriasjon). Denne typen klager blir først behandla av kommunen. Dersom kommunen ikkje gir klagaren medhald, sender kommunen klagen til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd. 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 07.08.2014

Utviding av Q-meieriet i Klepp utfordrar langsiktig grense landbruk

Q-meieriene sitt anlegg i Klepp treng meir areal til auka produksjon. Forslag til reguleringsplan ved Øksnevadkrossen utfordrar langsiktig grense landbruk og vil omdisponera areal i kjerneområde landbruk. Fylkesmannen har motsegn til planen, men inviterer Klepp kommune til dialog med sikte på løysing av saka.


Publisert 05.08.2014

Frøyland må varig sikrast for matproduksjon

Fylkesmannen rår departementet til å ta motsegn til bustadbygging på Frøyland til følgje. Ei utbygging der er i strid med mål om kompakt byutvikling, redusert transportarbeid og jordvern- og kulturlandskapsinteresser av nasjonal verdi. Frøyland må varig sikrast som landbruksområde.


Publisert 08.05.2014

Uttale til Klepp kommuneplan 2014 - 2025

Fylkesmannen gir Klepp ros for at kommunen i hovudsak følgjer opp Regionalplan Jæren og statlege føringar for samordna areal- og transportplanlegging ved å prioritere hovuddelen av by- og tettstadutvikling langs kollektivaksar. Fylkesmannen meiner likevel planlagd årleg folketalsvekst på 2,5 % ikkje er i tråd med dei regionale måla om å prioritere hovudmengda av bustadbygging i bybandet Stavanger-Sandnes og utbygging i Sandnes aust.


Publisert 14.03.2014

Viktige grenser blir trekt opp i Hå

Hå kommune har i forslag til ny kommuneplan trekt opp langsiktig grense for landbruk rundt stasjonsbyane Nærbø, Varhaug og Vigrestad.


Publisert 24.01.2014

Fylkesmannen fremmar motsegn til kort tunnel for ny E 39 ved Figgjo

Fylkesmannen meiner lang tunnel og kort dagsone må veljast for ny E 39 ved Figgjo/Håland. Statens Vegvesen si vurdering er at kort tunnel og lang dagsone er beste alternativ.


Publisert 21.01.2014

Regionalplan Jæren til departementet

Fylkesmannen har innvendingar mot to retningsliner som gjeld handelsetableringar på Forus i godkjent Regionalplan for Jæren. Retningslinene kjem i vesentleg konflikt med sjølve føremålet med regionalplanen, som er å styrke eksisterande by- og tettstadssentra, bidra til effektiv arealbruk og miljøvenleg transportval. Fylkesmannen oversender regionalplanen til departementet, og ber departementet ta desse to retningslinene ut av planen.


Publisert 08.01.2014

Femårsregelen for detaljreguleringar m.v. - høyringsfråsegn

Miljøverndepartementet sende 9.9.2013 på høyring eit framlegg til endring av fleire føresegner i plandelen i plan- og bygningslova. Fylkesmannen hadde m.a. kritiske merknader til innføring av ein ny verknadsfrist på 10 år knytt til detaljreguleringar fremja av private.


Publisert 21.01.2013

Uttale til planprogram kommuneplan Sandnes og Sandnes aust

Fylkesmannen meiner planprogrammet har med dei sentrale tema for revisjon av kommuneplan for Sandnes 2015-2030. Vi støttar grepet med eigen kommunedelplan for den viktige regionale planlegginga av Sandnes aust.