Arealforvaltning

Oppdatert 20.12.2023

Det er i utgangspunktet kommunen sjølv som avgjer korleis areala skal brukast, så lenge arealbruken er innanfor rammene av nasjonal politikk. Statsforvaltaren er fagstyresmakt innan landbruk, miljøvern, helse og samfunnstryggleik, og skal syte for at nasjonale interesser blir sikra. I tillegg skal vi sjå til at kommunale vedtak i plan- og byggjesaker er i samsvar med gjeldande lovverk.

Nasjonale retningslinjer må følgjast

Stortinget og regjeringa gir retningslinjer og rammer som kommunane skal leggje til grunn i arealforvaltninga. Statsforvaltaren skal sørgje for at kommunane sikrar nasjonale interesser innanfor miljøvern, landbruk, helse og samfunnstryggleik. Vi skal også sjå til at planlegginga er i tråd med interessene til barn og unge. Dersom den kommunale arealforvaltninga er i strid med nasjonale interesser, kan Statsforvaltaren gripe inn.

Statsforvaltaren kan gripe inn ved å fremje motsegn til arealplanar eller klage på vedtak i byggjesaker (dispensasjonsvedtak) som er i strid med arealplanen. Dersom kommunen vel ikkje å ta omsyn til motsegna, går saka til mekling mellom partane. Om meklinga ikkje fører fram, kan kommunen be om at saka blir send til Kommunal- og distriktsdepartementet for endeleg avgjerd.

Statsforvaltaren er klageinstans

Dei som blir påverka av kommunale vedtak i reguleringsplanar og byggjesaker, og av vedtak etter jordlova, konsesjonslova og odelslova, kan klage til Statsforvaltaren. Statsforvaltaren behandlar også klagesaker etter matrikkellova, eigarseksjonslova, veglova, tomtefestelova og lov om kommunal forkjøpsrett. Statsforvaltaren er i tillegg klageinstans i saker der det offentlege overtek privat eigedom etter plan- og bygningslova (ekspropriasjon). Denne typen klager blir først behandla av kommunen. Dersom kommunen ikkje gir klagaren medhald, sender kommunen klagen til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd. 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 30.09.2016

Stavanger får 2,5 millioner kroner til byutvikling

Stavanger får midler frå Regjeringa til arbeidet med utvikling av ein berekraftige og attraktiv by.


Publisert 08.04.2016

Foreslår løysing for lang tunnel

Fylkesmannen rår Kommunal- og moderniseringsdepartementet til å finna ei løysing i lag med Samferdselsdepartementet som kan sikra lang tunnel mellom Tysdalstranda og Årdal på riksveg 13.


Publisert 18.01.2016

Massefyllingar i landbruksområde og søknadsplikt etter plan- og bygningslova

Regelverket for når søknadsplikta slår inn er i stor grad basert på skjønnsmessige kriterier. Her kjem nokre generelle føringar for den konkrete vurderinga som kommunen skal ta.


Publisert 18.01.2016

1/5 del av innbyggarane på Jæren bur i gåavstand til Jærbanen

Frå Stavanger i nord til Eigersund i sør bur 18 % av innbyggarane i gåavstand til jernbanestasjon. Det viser ei utrekning Fylkesmannen i Rogland har gjort. Dette utgjer 46 701 innbyggarar. Transformasjon og fortetting i byområde Stavanger og Sandnes og i «stasjonsbyane» på Jæren vil kunne auke denne andelen.


Publisert 23.11.2015

Fylkesmannen tilrår kort tunnel til Årdal

Fylkesmannen har hatt planprogrammet for rassikring av riksveg 13 mellom Tau og Årdal til høyring, og konkludert med å tilrå alternativ 4. Det betyr kort tunnel.


Publisert 29.06.2015

Nye kart på temakart-Rogaland

Me har no lagt ut nye temakart på www.temakart-rogaland.no. Desse er gode verktøy for fleire fagfelt, mellom anna for diverse planlegging. Dei er og relevante i arbeidet med risiko- og sårbarheitsanalyser og konsekvensutgreiingar.


Publisert 10.02.2015

Klimahjelperen - ny rettleiar

DSB har publisert rettleiaren "Klimahjelperen - hvordan ivareta klimpatilpasning i planlegging etter plan- og bygningsloven". Den vil vere til nytte for dei som abeider med arealplansaker og beredskap.


Publisert 12.12.2014

Stor deltaking på samling om nytt og nyttig i plansamanheng

Statlege planretningslinjer for bustad-, areal- og transportplanlegging, utforming av kommuneplan og mange fleire plantema var på programmet med nesten 100 engasjerte deltakarar tilstades. Sjå foredraga her.


Publisert 20.10.2014

Ny E39 forbi Figgjo til departementet

Lang eller kort tunnel, lang eller kort dagsone forbi Figgjo? Det må nå departementet ta stilling til. Fylkesmannen støttar Sandnes kommune sitt ønske om kort dagsone og lang tunnel, men den løysinga ønskjer ikkje Statens vegvesen for nye E39 forbi Figgjo.


Publisert 13.10.2014

Opphogging av oljeinstallasjonar til departementet

Fylkesmannen i Rogaland og Fiskeridirektoratet fremma motsegn til Vindafjord sin plan for industriell aktivitet i Vats- og Yrkesfjorden i Vindafjord. Meklinga førte ikkje til semje, dermed går saka til endeleg avgjerd hos Kommunal- og moderniseringsdepartementet.