Retningsliner for støtte til taubanedrift og skogsvegbygging

Tilskotsordningane for skogsvegar og taubanedrift har hovudfokus på å leggje til rette for aktiv og kostnadseffektiv drift på skogareal med stort potensiale for auka skogproduksjon.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.03.2015

Fylkesmannen har vedtatt retningsliner for støtte til taubane, hest o.a. og skogsvegbygging for 2015. Det kom ingen vesentlege merknader til forslaget i høyringsrunden, og retningslinene blir difor vidareført uendra frå 2014.

Skogpolitisk er det i dag stort fokus på betre utnytting av skogressursane gjennom aktiv og rasjonell drift. Rogaland utnyttar i dag om lag 25 % av tilveksten på 500 000 m3 årleg. Gran utgjer over 80 % av all hogst. Eit berekraftig uttak (balansekvantum) for gran ligg rundt 60 000 m per år når vi ser bort frå tynningsvolumet som ligg inne i prognosane til taksten frå Norsk institutt for skog og landskap for gran i perioden 2007 – 2017. Det betyr at vi i dag er i ein situasjon med overavverking av gran i fylket. Dette forholdet blir forsterka ved at hovudtyngda av granhogsten føregår i skog som ikkje er hogstmoden.   

Hovudutfordringa er difor å vri hogsten over til furu og lauv i påvente av at grana blir hogstmoden. Dette vil også frigjere areal med gode bonitetar til produksjon av kvalitetsskog, noko som minst vil kunne femdoble skogproduksjonen på desse areala.  

Men med mindre volum per arealeining kombinert med dårlegare betalte kvalitetar, er det ofte utfordrande å få til ein akseptabel økonomi i furu-  og lauvskoghogst. Retningslinene er innretta mot større lønnsemd i hogst av furu og lauv.   

For å utløyse større aktivitet, auka hogst og investeringslyst, er rasjonell tilkomst til skogareala viktig. Optimale vegløysningar er også avgjerande for økonomien i bruk av taubane. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.