Skogbruk
Får ikkje plante juletre på matjord på Karmøy
Statens landbruksforvaltning har i brev av 22.03.2013 stadfesta Fylkesmannen sitt overprøvingsvedtak, fordi det er vurdert til å vere i strid med jordlova å plante juletre på dyrka jord. Saka gjeld omdisponering av 50 dekar jordbruksareal til juletreproduksjon i Karmøy kommune.
Publisert 02.10.2012
Rettleiar til forskrift om utanlandske treslag
Forskrift om utsetjing av utanlandske treslag til skogbruksformål tok til å gjelda 1. juli 2012. Miljøverndepartementet har no utarbeidd ein rettleiar til forskrifta. Rettleiaren skal vere eit hjelpemiddel for grunneigarar og forvaltning.
Publisert 16.08.2012
Utsetjing av utanlandske treslag
Forskrift om utsetjing av utanlandske treslag til skogbruksformål vart vedteken av Kongen i statsråd 25. mai 2012. Føremålet med forskrifta er å hindra at utsetjing av utanlandske treslag får uheldige følgjer for naturmangfaldet.
Kontaktpersonar
-
Stein Bomo
Tlf: 51 56 89 72 -
Morten Svanes
Tlf: 51 56 89 74
Lenkjer
Dokument
Skogbruk i Rogaland
Statsforvaltaren i Rogaland gir rettleiing og assistanse til kommunane på område som vegplanlegging, bioenergi, skogskjøtsel og miljøspørsmål. Andre arbeidsområde er koordinering av skogbruksplanlegginga i fylket, forvaltning av skogavgiftsordninga, tilskotsforvaltning og kontrolloppgåver.
To viktig mål er å medverke til at me har ein infrastruktur som sikrar ein effektiv og lønnsam hogst samtidig som ein omsyn til miljøet, og at skogen blir tilfredsstillande forynga etter hogst. Me er også ein pådrivar for auka bruk av trevirke som bygningsmateriale og til produksjon av bioenergi.