Skinka frå Vikedal gardsmat vidare til finalen i Det Norske Måltid

Tor Åge Hundseid lagar makelause skinker med bruk av eldgamle teknikkar. Det er unikt og det er ekte, og skinkemakaren sjølv er lidenskapleg oppteken av kvalitet og historieformidling.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.10.2020

Vikedal Gardsmat er ein av ni frå Rogaland som kom vidare til finalen i Det Norske Måltid.

Møysomeleg arbeid

Jobben med å utvikle den gode smaken i kjøtprodukta frå Vikedal gardsmat begynner eit godt stykke frå produksjonslokala til Vikedals-dalen i Vindafjord. Hos dyktige grisebønder og sauebønder rundt om i Ryfylke. Når slaktet er vel framme på garden i Vikedal, startar ein omstendeleg prosess basert på generasjonar sine erfaringar med kva som vil gje det beste sluttproduktet.

Ekte handverk

Her er det ikkje rom for snarvegar. Godt handverk og tilstrekkeleg med tid er det viktigaste elementet for at sluttproduktet skal halde stabilt høgt kvalitetsnivå. Skinkene blir handmassert med salt, sukker og peppar. Til slutt blir dei modna og speka i eit tørt og regulert klima. Tor Åge sjekkar skinkene dagleg for å følgje utviklinga og tar tida til hjelp.

Skinkene frå Tor Åge Hundseid er i utgangspunktet store skinker på omlag 17 kg med godt feittlag. På lager heng det hundrevis av skinker klare for våre ganar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.