Ønsker fleire rogalandsprodukt i sortimentet

Ønsket kjem frå ASKO og Norgesgruppen, og dei rår lokalmatprodusentar som tenker seg inn i daglegvaresegmentet om å vere godt førebudd. Treng du hjelp, så vil dei gi det.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.11.2020

Denne veka blei nettmøtet «Auka lokalmat ut i daglegvare» arrangert og hovudtema var kva må til for å kome inn i kjedene og samstundes få ei god lønsemd i verksemda.

Opprinneleg skulle det vore arrangert ei større, fysisk samling i mai, der alle daglegvarekjedene skulle få presentere seg, men på grunn av corona-situasjonen blei denne avlyst. På dette korte nettmøtet blei Norgesgruppen og ASKO invitert med, og så vil COOP og REMA få anledning ved neste korsveg.

Eivind Haalien, kategorisjef lokalmat og spesialitetar i Norgesgruppen, kunne fortelje at det viktigaste er å få varen UT av butikk. Han viste til deira kampanjar på lokalmat og matskattar slår positivt ut på omsetnad og omdømme for lokalmatprodusentane. Men, han viste og til at pris er ekstremt viktig for den norske forbrukaren. Heile 67% av omsetnaden i daglegvare ligg i lågprissegmentet.

Her er nokre tips frå Eivind:

  • Storleiken på lokalmatverksemda er ikkje avgjerande for Norgesgruppen, men å få til ein omsetnad som løner seg. Kost-/nyttevurdering blir derfor viktig for begge partar.
  • Lokal identitet: her følger daglegvarekjedene Matmerk sin definisjon. Mat- og drikkeprodukt med ein lokal identitet, særeigne opprinning eller spesielle kvalitetar knytt til produksjonsmetode, tradisjon eller historie. 
  • Matskatt: mat- og drikkeprodukt med den ekstra gode smaken, unik kvalitet og den gode historia.
  • Registrering startar i GS1 Norge (felles database for strekkodar mm) og vidare i Tradesolution (felles database for daglegvarehandelen). Det vil koste ca kr 8 - 9000 for å registrere versemda.
  • Kva må fyllast ut?
    • Leverandørregistreringsskjema
    • Avtaleskjema (EPD -nr, GTIN, pris osv)
    • Registrering på lokalmat.no
    • Forenklet avtale signert via Bank-ID (ref Lov om god handelsskikk)
    • Levering ASKO: krav om EDI (automatisk overføring av kommersiell informasjon)
  • Viktige nettsider:
    • matmerk.no
    • lokalmat.no
    • stand.no

 

Cecilie Klovning Espeland, marknadssjef ASKO, har ansvar for serveringsmarknaden. Ho held fram at deira seljarar som er ute i feltet heile dagen og som er i møte med kundar som ferskvaresjefar osv, har alt å seie for å få produkta ut til butikk og restaurantar.

Dei ønsker å synleggjere produsentar. Dei er med på Gladmatfestivalen kor dei har med produsentar for å kunne fortelje historiene om produkta, og for å få auka tilfang mot serveringsmarknaden. Andre døme er Stavanger vinfest og ASKO servering Norgescup for kokk- og servitørlærlingar.

Cecilie ønsker mange fleire rogalandsprodukt velkommen i sitt sortiment.

Arrangørar av nettmøtet var Kompetansenettverket for lokalmat sør, Gladmat, Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.