Miljøtiltak

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 28.05.2021, Sist endra 02.06.2021

Jordbruket leverer på klima og miljø

Om lag 35 prosent av støtta til norsk jordbruk går til klima- og miljøtiltak. Det gjeld arealbruk, kulturlandskap, vassdrag, naturmangfald, energi og reduserte klimautslepp. Både i Norge og EU er klima og miljø viktige prioriteringar i forhandlingar om landbrukspolitikken som føregår i vår.


Publisert 11.05.2021

Rogaland sine to kandidatar til Den nasjonale kulturlandskapsprisen 2021

Norsk Kulturarv har i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet og Landbruksdirektoratet invitert alle fylka til finna verdige kandidatar til Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen.


Publisert 07.05.2021

Stor interesse for å fjerna piggtråd

Tala frå saksbehandlingssystemet, Agros, viser ei stor interesse hjå bønder som ynskjer å fjerna piggtråd i 2021. Dette er førebelse tal for motteke søknadar, men ordninga held fram til 31.12.2021. 


Publisert 13.04.2021

Kven er Rogaland sin kandidat til Nasjonal kulturlandskapspris 2021?

Har du gode forslag kan du senda dei til Statsforvaltaren før 23. april. Landbruks- og matdepartementet, Landbruksdirektoratet og Stiftelsen Norsk Kulturarv samarbeider årleg om tildeling av Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen.


Publisert 09.04.2021

NIBIO presenterer konsekvensar av nytt gjødselregelverk

NIBIO har nyleg vurdert konsekvensane av ei eventuell innstramming av gjødselregelverket. Torsdag 22. april presenterer dei rapporten som ligg bak. Presentasjonen blir open for alle interesserte i Rogaland, men krev påmelding.  


Publisert 29.03.2021

Anslår konsekvensane av auka spreiearealkrav

NIBIO har på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet vurdert konsekvensane av ei eventuell innstramming av gjødselvareregelverket. Etablering av biogass blir peika på som aktuell løysing, og NIBIO vurderer dei samfunnsøkonomiske kostnadane til å ligge mellom 7 587 – 12 814 millionar kroner. Kor stor effekt auka spreiearealkrav har for vassmiljø er usikkert.


Publisert 16.03.2021

Korleis skal vi ta vare på vatnet i Rogaland?

Ny regionalplan for vassforvaltning er til høyring, og Rogaland fylkeskommune held fem digitale høyringsmøte der organisasjonar, etatar og næringsliv kan kome med innspel til planen. Landbruket er i planen peika som ei av dei viktigaste årsakene til dårleg vassmiljø i fylket.   


Publisert 10.03.2021

Treng du ein vipedisk til gjødslinga?

Vinterkulda er på hell og våren er i anmarsj. I år kan gardbrukarar som har vipereir på si eng få ein vipedisk til å leggja over reira under våronna. Prøveordninga i fjor ga gode tilbakemeldingar, og i år vil fleire kunne nytta seg av tilbodet. 


Publisert 22.02.2021

Krafttak mot piggtråd

I 2021 har Statsforvaltaren inngått eit samarbeid med kommunane i Rogaland og bondelaga for å motivere gardbrukarar til å fjerne piggtrådgjerde.Prosjektet er kalla «piggfrie gardsbruk 2021». Målsettinga er å fjerne gamal og/eller ståande piggtråd i landbruket. Gardbrukaren blir honorert med tilskot og rabatt ved innkjøp av piggfri stålwire.


Publisert 14.12.2020

Færre søker om dreneringstilskot

Med unytta midlar frå 2019 og ei tildeling på 10 millionar hadde Rogaland 18,4 millionar kroner disponibelt til dreneringstilskot i 2020. Potensialet for mange gode tiltak var dermed stort, men prognosane for løyvingar i år viser at berre ein tredjedel av desse vil bli nytta.