Ostesymposium 2024

Ostesymposium 2022
Ostesymposium 2022 Foto: Otilie Brubæk Stokseth.

Driv du ysteri eller har planar om å starte opp med ysting eller mjølkeforedling - då bør du delta på Ostesymposium 2024 som blir arrangert på Sola Strand Hotell 11. - 13. mars.

Publisert 09.01.2024

Påmelding til Ostesymposium 2024 er opna og tek plass på Sola Strand Hotell 11. - 13. mars. Ostesymposium er eit fagleg seminar der gards- og handverksprodusentar, samt andre interesserte i Noreg samlast for fagleg påfyll, kunnskapsdeling og sosialt samvær.

Arrangør og samarbeidspartnarar

Det er organisasjonen Norsk Gardsost som er hovudarrangør av Ostesymposium i samarbeid med Rogaland fylkeskommune, Kompetansenettverk Lokalmat og Statsforvaltaren i Rogaland. Arrangementet skjer kvart andre år og inneheld blant anna foredrag, kurs, paneldebatt og leverandørmesse. Vi vonar at mange frå Rogaland vil delta.

Program og påmelding

Her kan du lese meir om program og påmelding. Hugs påmeldingsfrist som er 31. januar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.