Rettleiar - Kadaverhandtering ved brann

Brann i driftsbygning er dramatisk og krevjande for gardbrukaren. Foto: Vestfold interkommunale brannvesen

Statsforvaltaren i Rogaland har saman med Mattilsynet og næringa utarbeida  rettleiaren for å auka kunnskapen og gi ei oversikt over kven som skal kontaktast når dyr døyr i eller i etterkant av ein brann. 

Publisert 05.05.2026

Brann i ein driftsbygning med dyr er noko av det mest dramatiske ein dyreeigar kan oppleva. I hendinga og etterkant av hendinga vil det ofte vera spørsmål om handtering av daude dyr. Rettleiaren er retta mot gardbrukaren, men skal også vera fagleg støtte for varemottakarar, rådgivarapparatet, Bondelaget, Mattilsynet, kommunar og andre som kan bli involverte i hendinga. Rettleiaren er avgrensa til å gjelde korleis daude dyr, eller avliva dyr som følgje av brann, skal handterast. 

Rettleiaren

Det er viktig å vite kva roller og ansvar dei involverte partane har i eit branntilfelle. Den som oppdager brann ein ikkje kan avverge eller slukke sjølv, har plikt til å varsla brannvesenet og yte nødvendig hjelp utan å sette seg sjølv i fare for liv og helse. Vidare er det brannvesenet som eig hendinga, og dyrekadaver kan ikkje fjernast før politiet har frigitt branntomta. 

Handtering av kadaver

Miljømyndigheitane er plikta til å følgje avfallshierakiet for å unngå forureining og risiko for smittespreiing frå kadaver. Metodane for kadaverhandtering skal gjerast etter følgande rekkefølge:

  1. gjenvinning
  2. forbrenning
  3. deponi
  4. nedgraving

Det er lista opp kven som kan kontaktast ved brann i driftsbygning i Rogaland, og gardbrukaren kan sjølv fylle ut kven som kan kontaktast i eigen kommune (vakthavande veterinær), forsikringsselskap og Bondens nettverk med fleire. Vi oppmodar andre aktørar å bruke rettleiaren til å bistå gardbrukaren. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.