Vil du jobbe med berekraftig jordbruk – bli med på laget!
Rogaland er eit kraftfullt matfylke med stor husdyrproduksjon, og god bruk av jord- og beiteressursane er viktig. Vi ser etter deg som har lyst til å arbeide breitt med jordbruksforvaltning. Stillinga inneberer både tilskotsforvaltning og fagleg støtte til kommunane. Kulturlandskap, nydyrking, gjødselbrukforskrift og ivaretaking av miljøverdiar i kulturlandskapet er fagområde som ligg til stillinga. Vi treng deg som har kompetanse innan jord- og plantevitskap og som kjenner landbruket.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Jorda ein viktig ressurs
Rogaland er eit særs aktivt jordbruksfylke, med stor konkurranse om areala. Vi har i oppgåve å finne gode løysingar i balansen mellom nasjonal politikk og lokale interesser, i god dialog med jordbruksnæringa. Vi har eit lovverk å forvalte, men like viktig er det å formidle kvifor vi må ta vare på naturmangfaldet og samstundes sikre bonden grunnlag for matproduksjon. Hos oss får du arbeide med varierte og interessante oppgåver i dialog med næringa og kommunar. Vi er om lag 25 tilsette i avdelinga, som alle ønskjer å gjere kvarandre gode.
Ta kontakt
Du må gjerne kontakte landbruksdirektør Monica Dahlmo eller ass. landbruksdirektør Anfinn Rosnes.
Me snakkast!