Ferske tal om inntekt i jordbruket i 2020

Melkekyr hentes heim frå beitet i Hå kommune.
Melkekyr hentes heim frå beitet i Hå kommune. Foto: Annabell Pfluger.

I følgje ferske tal frå drifsgranskingar er det store biletet at inntekta frå jordbruket i 2020 auka i gjennomsnitt med 9 % frå 2019. Det er stor variasjon mellom produksjonar. Det kjem elles fram at det blei investert vesentleg meir enn i 2019, men ikkje på Jæren.  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.12.2021

Nye tal er henta frå driftsgranskingane, ei undersøking som omfattar 924 modellbruk. Driftsgranskingane dannar grunnlaget for referansebruka, som eit viktig del av grunnlaget for jordbruksforhandlingane. Meir informasjon finn du på nettsida til NIBIO.

Stor auke for svin og mjølk på Jæren

Jordbruksinntekta for bruk med svin og mjølk på Jæren gjekk klart opp i 2020 etter år med nedgang. Oppgangen på mjølk skuldast mest reduserte kostnader og auka inntekt frå storfeslakt. For gris skuldast auka i styrst grad meir volum og betre pris, men redusert svenskehandel har nok også verka inn. For sauehald er det eit nytt år med redusert inntekt.

Stor variasjon mellom bruk

Vår vurdering er at driftsgranskingane gir nyttig informasjon om utviklingstrendar, samstundes er det viktig å vere merksame på utval av 152 bruk frå Agder og Rogaland er frå område med stor variasjon i drifstilhøve. Vi har til dømes nøkkeltal frå rekneskaplaga som gir eit noko betre bilete for delar av Rogaland, eksempelvis frå Jæren og Dalane.

Usikker framtid

Vi er nå inne i ei særs krevjande tid med stor kostnadsauke (straum, handelsgjødsel) som truleg til få utslag for resultatet i 2021. Samstundes står vi føre stort behov for nye investeringar i driftsapparat, mellom anna for å bygge om til lausdrift i mjølkesektoren. Det er difor lagt opp til at nye mjølkefjøs opp til 30 kyr vil få god utteljing frå Innovasjon Norge i 2022, betre enn tidlegare år.

Inntektsutval i arbeid

Gjennom jordbruksoppgjeret 2021 blei det semje om å etablere eit ekspertutval som skal sjå på korleis vi reknar ut inntekt frå jordbruket. Utvalet skal levere ei innstilling innan 1. juli 2022. Det blir spanande å sjå kva som kjem ut av dette arbeidet, og det er høve til å gi direkte innspel til utvalet via nettsida.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.