Kommunestruktur

Oppdatert 02.01.2023

Noreg har 356 kommunar. Fastsetting og endring av kommunegrenser blir regulert av inndelingslova. 

Statsforvaltaren skal rettleie kommunar, folkevalde og private i spørsmål om inndelingslova og prosessane ved grenseendring og grensefastsetting.

Ved behov kan vi også hjelpe kommunar med å forhandle fram ein avtale om økonomisk oppgjer ved grensejustering eller deling.

Vi kan også gjere lovlegkontroll med budsjettvedtak etter at utgreiing om samanslåing eller deling er sett i gang. 

Vis meir

Internt satsingsområde 

Kommunebilete og kommunedialog er eit internt satsingsområde i embetet i 2022. Det er organisert ei arbeidsgruppe med representantar frå alle avdelingane som arbeider i eit nytt system med å få fram embete sin samla kunnskap om kommunane i Rogaland. 

Denne sida vert også nytta til å legge ut saker og informasjon om kommunestruktur, kommunegrenser og inndelingslova, som til dømes ved spørsmål om grensejusteringar.

Tidlegare har denne sida vert nytta i samband med kommunereforma.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 31.08.2015

Nyttig fagsamling om kommunereforma

KS og Fylkesmannen arrangerte 27. august ei fagsamling for kommunane med føremål å vere til hjelp i arbeidet med kommuneforma. Det var semje om at samlinga var nyttig, og deltakarane fekk godt høve til å dele erfaringar med reformarbeidet.


Publisert 25.08.2015

Statusbrev til kommunane

Fylkesmannen sender i desse dagar ut eit brev til kommunane med eit tilbakeblikk på kommunereformprosessen i Rogaland, og litt om korleis vi ser føre oss vegen vidare fram mot endelege vedtak i 2016.


Publisert 10.08.2015

Rammeavtale for gjennomføring av innbyggjarundersøkingar

For å hjelpe kommunane med å gjennomføre innbyggjarundersøkingar har Kommunal- og moderniseringsdepartementet i juni 2015 inngått ein rammeavtale med Opinion AS.


Publisert 08.07.2015

Velkommen til Fagsamling om kommunereforma!

KS og Fylkesmannen inviterer kommunane til fagsamling for det vidare arbeidet med kommuneforma den 27. august 2015. Målet er at samlinga skal vera til inspirasjon, og at det skal vera høve til å dela erfaringar med arbeidet så langt.


Publisert 02.07.2015

Fylkeskommunane inviterte til naboprat

Statsråd Jan Tore Sanner har i dag send brev til alle fylkeskommunane, der dei blir inviterte til å delta i reformarbeidet som nå går føre seg. Dette blir sett på som ei naturleg følgje av kommunereforma.


Publisert 30.06.2015

Ny og viktig rettleiar om lokaldemokratiet

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har i dag lansert ein ny rettleiar for utvikling av lokaldemokratiet. Rettleiaren er tenkt å vere til hjelp for kommunane i arbeidet med kommunereforma. 


Publisert 30.06.2015

Kommunereforma: Oppdatert status i Rogaland

Fleire kommunar har vore i uformelle samtalar med nabokommunar om ulike modellar for ny kommunestruktur. Og det har etter kvart blitt ein del konkretiseringar av alternativa som skal greiast ut vidare. Fylkesmannen har oppdatert statusen for kommunereform-arbeidet i Rogaland per juni 2015.


Publisert 16.06.2015

Njåstad til kommunereformsamlinga i oktober

Rydd plass i kalenderen: Det blir ny prosess-samling om kommunereforma den 28. oktober 2015, med fokus på demokratiet i reforma. Helge André Njåstad er ein av innleiarane på samlinga.


Publisert 03.06.2015

Etne vil til Rogaland

På måndag gjorde formannskapet i Etne klart vedtak om å starta nabopraten med kommunar i Rogaland i det vidare arbeidet med ny kommunestruktur. Det betyr at Etne ikkje vil bli med i ein eventuell storkommune i Sunnhordaland.


Publisert 27.05.2015

Interessant, lokal utgreiing om kommunereforma

Onsdag 27. mai har styringsgruppa for arbeidet med kommunereforma i dei åtte kommunane frå Hå i sør til Randaberg i nord fått presentert ei grundig utgreiing som faktagrunnlag for det vidare arbeidet.