Sokndal kommune får 5,8 millionar kroner til flaumsikring

Frå flaumen i Sokndal i 2017
Foto: Eivind E. Tønnesen.

Dersom Sokndal kommune blir ramma av ein 200-årsflaum, blir store delar av sentrum ståande under vatn. Derfor har Statsforvaltaren i Rogaland i dag løyva 5,8 millionar kroner til det vidare arbeidet med å flaumsikra Sokna-elva.

Publisert 11.10.2022

Pengane kan brukast over fleire år og skal gi kommunen høve til å jobba vidare med utgreiing, planlegging og anna nødvendig arbeid for å sikra framdrift i prosjektet. Gjennom denne tildelinga får kommunen i tillegg høve til å leiga inn ekstern kompetanse.

Kostbart tiltak

Sokndal er ein flaumutsett kommune. Ein storflaum kan få dramatiske konsekvensar, men arbeidet med ein ønska flaumtunnel er kostbart.

– Kommunen kan ikkje løysa dette åleine. Det trengst statleg hjelp, seier statsforvaltar Bent Høie. – Ein flaumtunnel til Jøssingfjorden kjem på fleire hundre millionar kroner. Når me løyver 5,8 millionar kroner sikrar det i første omgang pengar til å jobba vidare med ei nødvendig løysing.

Ekstraløyving også til Lund kommune

I tråd med statlege føringar har Statsforvaltaren i Rogaland i 2022 halde tilbake delar av skjønsramma til fordeling gjennom året. Desse pengane skal gå til kommunar som opplever uventa hendingar, som til dømes naturskade. I tillegg til dei 5,8 millionane til flaumsikringsarbeid, får Sokndal derfor 400 000 kroner i ekstraløyving etter øydeleggingane som følgje av den kraftige nedbøren 26. august i år.

Også Lund kommune blei ramma kraftig av styrtregnet denne augustdagen. Kommunen får tildelt 1,1 millionar kroner på grunn av dei ekstraordinære kostnadene med rydding og reparasjon av kommunal infrastruktur.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.