Kommunalrett

Oppdatert 08.04.2024

Kommunelova gir kommunar og fylkeskommunar stor fridom til å organisere verksemda si, berre dei held seg til reglane i forvaltningslova, offentlegheitslova og dei enkelte særlovene.

Det er viktig å balansere kommunalt sjølvstyre og lokaldemokrati mot nasjonale likskapsprinsipp og rettstryggleik, som skal gjelde for alle innbyggjarane i landet.

Statsforvaltaren har mynde til å kontrollere verksemda i kommunane. Tre eller fleire medlemmer av eit kommunestyre kan saman sende ei avgjerd til Statsforvaltaren for å få kontrollert at ho er lovleg. Statsforvaltaren kan dessutan på eiget initiativ ta opp saker til lovleg­kontroll. Statsforvaltaren kontrollerer at vedtaket har komme til på lovleg vis, at det er gjort av riktig organ, og at innhaldet i avgjerda er i samsvar med gjeldande lover og reglar.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 14.07.2016

Val av medlemmer til forliksråda 2017-2020

Val av forliksråd skal haldast innan 15. oktober året etter kvart kommunestyreval. Valet gjeld for fire år frå januar det påfølgjande året. 


Publisert 26.02.2016

Informasjonsmøte om kommunale delegeringsreglement 25. februar 2016

Det var 32 deltakarar frå 19 kommunar med på møtet som blei arrangert av Fylkesmannen i Rogaland i Statens hus. I høgremargen  finn du presentasjonen om delegering av avgjerdsmakt.


Publisert 24.09.2015

Rundskriv om konstituering etter valet

Kommune- og fylkestingsvalet 2015 er unnagjort, nå skal dei ulike verva fordelast i kommunane og fylkeskommunane. Lovverket skal sikra at dette skjer på rett måte.


Publisert 18.02.2015

Fylkesmannen kritisk til endringar i IKS-lova

KMD føreslår å gå bort frå ordninga med at deltakarkommunane har uavgrensa ansvar for gjelda i interkommunale selskap (IKS), sidan dette kan vera i strid med EØS-avtalen. Fylkesmannen meiner det må vera avgjerande i kor stor grad selskapa opererer i ein marknad, og at det meste av verksemda i desse selskapa ikkje er marknadsretta


Publisert 02.02.2015

Endringar i kommunelova og offentleglova

Stortinget vedtok 2. desember 2014 endringar i kommunelova og offentleglova som gjeld frå 1. januar 2015. Endringane omhandlar mellom annan innbyggjarforslag og revisor si teieplikt.


Publisert 12.07.2013

Samarbeid mellom kommunar – organisasjonsformer og styring. Lysark

Interkommunalt samarbeid var eit sentralt tema på Kommuneøkonomidagen 29. mai. Sentrale spørsmål var kva reglar som gjeld, kva modellar som eignar seg og vilkåra for styring av organa.


Publisert 21.01.2008

Haugesund - vedtak om investering oppheva

Etter lovlegkontroll av finansreglementet og avtalar om investering mellom Haugesund kommune og Terra Securities, har Fylkesmannen oppheva vedtak med heimel i § 59 i kommunelova. Bakgrunnen er at saksbehandlinga er ufullstendig, manglande delegasjon og at ikkje uavhengig rågivning vart brukt.


Publisert 29.11.2007

Fylkesmannen; ingen inngåande kontroll av kommunale disponeringar

Fylkesmannen gjennomfører ein teknisk kontroll av budsjetta og økonomiplanen til alle kommunane. Lån og investeringar krev ikkje godkjenning, så lenge ikkje kommunen er i ROBEK-registeret.


Publisert 23.11.2007

Terra-saken i Rogaland

Fylkesmannen har motteke brev frå Kommunal- og regionaldepartementet, og har sendt brev til Haugesund kommune. Breva ligg ved.