Sosiale tenester i NAV

Oppdatert 23.02.2024

Den som ikkje greier å forsørgje seg sjølv, kan søkje om sosialhjelp. Hjelpa kan ytast som bidrag, lån eller garanti for lån. Økonomisk sosialhjelp skal først og fremst vere ei mellombels yting, og meininga er at den som søkjer hjelp, skal bli i stand til å hjelpe seg sjølv etter kvart. Søknader om sosialhjelp skal sendast til Nav-kontoret i kommunen.

Økonomisk sosialhjelp er ei mellombels støtte som skal dekkje nødvendige utgifter til å leve og bu. Før du kan få sosialhjelp må du utnytte moglegheitene dine til å forsørgje deg sjølv. Det kan til dømes vere arbeid, andre inntekter eller eigne midlar. Dersom du treng hjelp til å finne ut kva moglegheiter du har, kan du kontakte Nav for å få råd og rettleiing. 

Hovudansvaret for sosialtenesta ligg i kommunane, og det er Nav-kontora som tek hand om kommunens oppgåver på dette området. Det er rettleiande retningslinjer for kor mykje stønad kvar enkelt kan få tildelt, men kommunane har rett og plikt til å bruke skjønn og vurdere kvar sak for seg.

Dei rettleiande satsane i dei statlege retningslinjene omfattar utgifter til heilt grunnleggjande behov, som mat, klede, kommunikasjon, hushaldsartiklar og hygiene med meir, og tek vidare omsyn til andre sider av dagleglivet, som fritid og sosiale behov. Utgifter til andre nødvendige ting, som bustad, straum og oppvarming, bustad- og innbuforsikring og innbu og utstyr inngår i livsopphaldet, men er ikkje inkludert i dei rettleiande satsane sidan dette er utgifter som varierer mykje. Nav skal ikkje ta omsyn til om familien har barnetrygd når dei vurderer søknader frå familiar med barn.

Du kan klage

Dersom du søkjer om sosialhjelp og får avslag frå Nav, kan du klage på vedtaket. Dersom Nav er samd i klagen din, vil dei endre avgjerda og ta kontakt med deg for å gi deg hjelpa du har rett på. Dersom Nav er usamd i klagen din, sender Nav klagen din vidare til Statsforvaltaren. Statsforvaltaren behandlar klagen og svarer deg med eit brev.

Statsforvaltaren har også eit tilsynsansvar som gir rett og plikt til å føre tilsyn med om kommunen oppfyller pliktene sine etter kapittel 4 i lov om sosiale tenester i Nav. Kapittel 4 regulerer dei individuelle tenestene i lova, blant anna økonomisk stønad.

Gjeldsrådgiving

Kommunen skal tilby innbyggjarane sine økonomisk rådgiving eller gjeldsrådgiving i tråd med lov om sosiale tenester. Denne rådgivingstenesta er som regel eit tilbod ved det lokale Nav-kontoret. Statsforvaltarens oppgåver er retta mot kommunane og omfattar blant anna å gi opplærings- og kurstilbod til dei tilsette som jobbar med dette i kommunen.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 13.11.2018

Forskjellane i levekår aukar visar ny rapport frå Nav

Noreg er eit av landa med minst ulikskap i verda, men sidan 2009 har inntektsforskjellane blitt større. Ei årsak er auka kapitalinntekter til dei som ligg høgast på inntektsstigen og liten vekst for dei som ligg nedst. Ei anna årsak er auka innvandring, som har ført til fleire med låginntekt, ifølgje den ferske NAV-rapporten.


Publisert 13.11.2018

Kvalifiseringsprogrammet

Regjeringa fremja 09.11.18 eit lovforslag for Stortinget om mellom anna endringar i sosialtenestelova knytt til kvalifiseringsprogrammet.


Publisert 24.08.2018

Ansvar for å fatte vedtak etter sosialtenestelova

Fylkesmannen har gjennom kontakt med NAV-kontora blitt gjort kjend med at fleire kommunar har organisert seg slik at andre einingar i kommunen enn NAV-kontoret fattar vedtak etter sosialtenestelova. Dette gjeld i hovudsak flyktningtenesta. I samband med
dette viser Fylkesmannen til at det er avgrensingar i lov knytt til kven som har mynde til å fatte vedtak etter sosialtenestelova.


Publisert 31.07.2018

Nye livsopphaldsatsar ved gjeldsordning og utleggstrekk frå 1. juli 2018

Satsane for livsopphald per månad for gjeldsordning og utleggstrekk frå 1. juli er:

  • 8 658 kroner for einsleg skuldnar
  • 7 330 kroner for skuldnar som er gift eller sambuar
  • 14 661 for skuldnar som forsørgjer ektefelle eller sambuar

Publisert 08.03.2018

Vurdering av lovleg opphald for EØS-borgarar – endring av praksis

Når ein EØS-borgar søkjer om tenester etter sosialtenestelova skal Nav-kontoret frå 2. februar 2018 vurdere om borgaren har lovleg opphald i Norge.


Publisert 23.03.2017

Personar som har fått avslag på supplerande stønad og rettigheter til økonomisk stønad

Med lovendringa av 01.01.16 i Lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg vil personar som tidlegere har fått denne stønaden nå få avslag med grunngjeving om underhaldsplikta til den dei vert gjenforent med.


Publisert 15.12.2016

Nav kan ikkje gi rekvisisjon på grunnlag av rabbatordningar

Fylkesmannen har motteke klager på at Nav har gitt stønad i form av rekvisisjon til kjøp av varer i bestemte forretningar, fordi Nav-kontoret har rabattavtaler med desse. 


Publisert 14.12.2016

Sambuarar har ikkje forsørgingsplikt for kvarandre

Lov om sosiale tjenester § 18 ligg til grunn for vurderinga om ein sambuar har rett til økonomisk stønad.

De som ikke kan sørge for sitt livsopphold gjennom arbeid eller ved å gjøre gjeldende økonomisk rettigheter, har krav på økonomisk stønad.


Publisert 08.01.2016

Nytt i rundskriv Hovednr. 35 til sosialtenestelova

I samband med tilføyinga om barns inntekt i sosialtenestelova ved årsskiftet 2015/16, har Arbeids- og velferdsdirektoratet lagt inn to nye punkt i rundskrivet der sosialtenestelova vert tolka.


Publisert 14.07.2015

Aktivitetsplikt for å få sosialhjelp er vedtatt

Stortinget har no vedtatt at Nav-kontora får plikt til å tilby aktivitetar til personar som mottar sosialstønad til livsopphald. Det er ikkje avgjort kva tid lovendringa skal tre i kraft.