Helsetenester

Oppdatert 09.04.2024

Du har krav på å få nødvendig helsehjelp i kommunen der du bur, eller der du for tida oppheld deg. Du har òg krav på å få nødvendig helsehjelp frå spesialisthelsetenesta. Statsforvaltaren fører tilsyn med helsetenesta og behandlar klagesaker for å medverke til at du får dei tenestene du har krav på.

Du kan klage på at du ikkje får oppfylt rettane dine 

Du kan klage dersom du meiner at du ikkje får dei helsetenestene du har krav på, eller dersom du er usamd i helsetenesta si vurdering av behandlingsbehovet ditt. For at den som har gjort det vedtaket du er usamd i, skal få høve til å endre standpunkt, skal du sende klagen dit. Dersom du ikkje får medhald i klagen, blir han send vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd. Statsforvaltarens vedtak er endeleg, og den aktuelle helsetenesta må rette seg etter det.

Du kan be Statsforvaltaren vurdere om helsetenesta har oppfylt pliktene sine

Statsforvaltaren kan også ta stilling til om tilsette i helse- og omsorgstenesta har forsømt pliktene sine slik at det har gått ut over deg. Viss du er pasient, brukar eller pårørande, kan du til dømes klage på at du er misnøgd med tenestene du har fått, ved negative opplevingar, uønska hendingar, nestenuhell eller alvorleg svikt. Det digitale skjemaet vårt hjelper deg til å klage til riktig stad og med nødvendig informasjon. 

Dersom du meiner at det kan ha skjedd ein svikt i helse- og omsorgstenesta, er det ofte ein god start å ta dette opp direkte med verksemda som har gitt tenesta. I skjemaet blir du derfor spurt om du har klaga til den det gjeld. 

Dersom Statsforvaltaren etter å ha vurdert klagen din konkluderer med at du har fått uforsvarleg behandling, har du ikkje automatisk rett til erstatning eller ny behandling. Men ved å melde frå til oss, kan du bidra til å hindre at dette skjer igjen eller at andre opplever det same. Tilsyna våre med helse- og omsorgstenesta skal bidra til å styrkje tryggleiken og kvaliteten i helse- og omsorgstenestene.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Sist endra 09.12.2021

Koronaviruset: Her held du deg oppdatert

Råd og informasjon finn du på Folkehelseinstituttets nettsider og på helsenorge.no. Her finn du lenker, informasjon, kontaktar hos oss – og korona- og vaksinasjonskart for Rogaland. 


Publisert 24.01.2020

Coronaviruset i Kina: – Ta kontakt viss du har vore i området

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet arbeider nå med å førebu korleis helsetenesta skal handtera situasjonen dersom det nye coronaviruset kjem til Norge. – Ta kontakt med helsevesenet viss du har vore i Kina og kjenner symptom på sjukdom i luftvegane, seier fylkeslege Janne Dahle-Melhus.


Publisert 21.01.2020

Risikoreduserande tiltak blir ikkje følgde konsekvent ved fleire helseføretak

Det landsomfattande tilsynet med helsehjelp til pasientar som blir utlokalisert frå somatiske avdelingar er gjennomført.


Publisert 27.11.2019

Drapa i Haugesund og Florø er like alvorlege

FYLKESMANNEN I VESTLAND: Fleire drap på Vestlandet det siste året er utførte av personar som har vore psykotiske. Tilsynsmyndigheita undersøker og følgjer opp drapa i Haugesund og Florø, på litt ulike måtar. 


Publisert 14.06.2019

Plikta til å varsle om alvorlege hendingar vert utvida 1. juli 2019

Stortinget har vedteke å utvide den gjeldande varselordninga ved alvorlege hendingar, slik at også kommunar og private som yter helse- og omsorgstenester får plikt til å varsle Statens helsetilsyn.


Publisert 30.04.2019

Snakk med barn om sjukdom i familien

Nå får du hjelp til å snakke med barna om sjukdom i familien på helsenorge.no


Publisert 25.02.2019

Gode resultater etter intervensjon for riktigere bruk av antibiotika i sykehjem

Antibiotikabruken er redusert med 19,4 prosent for sykehjem i kommuner i Helse Stavanger sitt nedslagsfelt!


Publisert 06.02.2019

Reaksjonar mot 26 helsepersonell i Rogaland

I 2018 fekk 26 helsepersonell i Rogaland ein reaksjon frå Statens helsetilsyn. 15 av desse mista autorisasjonen og 11 fekk åtvaring.


Publisert 05.06.2018

Betre lindrande behandling til personar med demens

Eit nytt e-læringsprogram skal gjere sjukepleiarar og helsefagarbeidarar betre rusta til å gi personar med demens gode tenester i siste fase av livet.


Publisert 28.05.2018

191 personar på venteliste til sjukeheim i Rogaland

Helsedirektoratet har no klar den første nasjonale oversikta over personar på venteliste til sjukeheimsplass.