Barn i fosterheim

Statsforvaltaren får ofte spørsmål som gjeld barn i fosterheim. Vi har laga ei oversikt over ofte stilte spørsmål. Svara finn ein i barnehagelova, opplæringslova og barnevernslova.

Publisert 29.10.2025

Når gjeld meldeplikta til barnevernet for tilsette i skole og barnehage?

Barnehagelova § 46 og opplæringslova § 24-3 pålegg alle som arbeider i barnehage og skole, ei plikt til å vere merksame på forhold som kan føre til tiltak frå barneverntenesta.

Alle skal gi opplysningar til barneverntenesta av eige tiltak, når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen, utsett for alvorlege manglar ved dagleg omsorg eller annan omsorgssvikt, eller når barnet viser alvorlege åtferdsvanskar. Plikt til å melde i fra til barneverntenesta ligg på den enkelte som arbeider i barnehage og skole (meldeplikt).

Vilkåra har samanheng med barnevernet si ivaretaking av oppgåver etter barnevernslova. Sjølv om desse vilkåra ikkje er oppfylt kan barnehagen eller skolen ta kontakt med barnevernet, ut frå ei meir generell bekymring. Saka kan også diskuterast anonymt med barnevernet, før ei eventuell konkret bekymringsmelding.

Meir informasjon her:

Kva for skole skal barnet gå på?

Nærskoleprinsippet gjeld også for fosterheimsplasserte barn. Fosterbarn vil som hovudregel ha rett til å gå på nærskolen, enten dette er barnet sin tidlegare skole eller ein skole nær fosterheimen, jf. opplæringslova § 2-6.

Kan fosterforeldre klage på enkeltvedtak som gjeld fosterbarnet?

Som utgangspunkt er det barnevernet som tar hand om barnet sine partsrettar. I opplæringslova går dette fram av opplæringslova § 24-4 (og barnehagelova § 32 fjerde ledd knytt til retten til spesialpedagogisk hjelp § 31 og retten til tilrettelegging for barn med nedsett funksjonsevne § 37). Dersom fosterforeldra har oppfatningar knytt til kva som er best for barnet, må dei ta dette opp med barneverntenesta.

Ut frå ei konkret vurdering kan fosterforeldra likevel ha rettsleg klageinteresse jf. forvaltningslova § 28. I enkelte tilfelle kan omsynet til barnets beste også tale for å ta klage frå fosterforeldre opp til behandling. Denne forståinga følgjer av uttale frå Sivilombudsmannen.

Fosterforeldre si rolle er «å utøve dagleg omsorg» og dei har rett til å samarbeide med skole/barnehage. Ved tvil må skole/ barnehage krevje klar beskjed frå barnevernet om fordeling av avgjerdsrett. Barnevernstenesta kan delegere delar av sitt ansvar skriftleg til fosterforeldre. Frå juni 2025 har fosterforeldre utvida rett til å samtykke til aktivitetar og søke om tenester, samstundes er det barneverntenesta som har overordna ansvar. Dei kan overstyre fosterforeldra sine avgjerder, dersom det er til fosterbarnet sitt beste.  

Vesentlege spørsmål, som val av skole og utdanning høyrer ikkje inn under den daglege omsorga. Elles gjeld også barnet si rett til sjølvråderett i slike spørsmål frå fylte 15 år, jf. oppll. § 24-5 og barnelova § 32. 

Kva for rettar har biologiske foreldre?

Det gjeld eit «minste inngreps prinsipp» i barnevernslova. Biologiske foreldre kan ha rett til informasjon om barnet, også etter omsorgsovertaking. I dei fleste tilfelle kan dei mellom anna delta på foreldremøte, etter ein avtale med barneverntenesta. For eventuell henting i barnehage/ skole for samværsrett, må dette vere avtalt med barneverntenesta.

Opplæringslova § 24-4 andre ledd beskriv kva rettar foreldre framleis har: rett til å velje privat skole etter § 2-2, samtykkje til fritak frå heile opplæringsplikta etter § 2-2, velje skriftspråk etter § 3-1, krevje fritak frå delar av opplæringa på grunn av livssyn etter § 14-6, og krevje opplæring i og på samisk og i kvensk eller finsk etter §§ 3-2 og 3-3.

Korleis kan ein barnehage/skole vite at barn er under barneverntenesta si omsorg?

Barneverntenesta eller fosterforeldra må dokumentere for skole/ barnehage at det ligg føre formell omsorgsovertaking. Barneverntenesta har anledning til å gi nødvendig informasjon til barnehage og skole, jf. unntak frå teieplikt i barnevernslova § 13-1 og Fosterhjemsavtalen (KS og Norsk Fosterhjemsforening). Skolen og barnehagen har plikt til å samarbeide for å sikre eit heilskapleg og samordna tenestetilbod jf. opplæringslova § 24-1

Kva for kommune har økonomisk og fagleg ansvar for barn/elevar i fosterheim?

Den kommunen som etter barnevernslova § 15-11 har økonomisk ansvar for desse barna, ber også det økonomiske ansvaret for grunnskoleopplæringa og eventuelle utgifter til individuell tilrettelegging (jf. §§ 11-4, 11-5 og 11-6), jf. forskrift til opplæringslova § 18-1 bokstav b. Tilsvarande reglar går fram av Forskrift om økonomisk ansvar for spesialpedagogisk hjelp i barnehage § 3. Omsorgskommunen får gjennom si vedtaksmynde eit visst ansvar også for det faglege innhaldet i individuelt tilrettelagt opplæring (ITO, jf. § 11-6)/den spesialpedagogiske hjelpa. Sakkunnig vurdering før enkeltvedtak skal gjerast av PPT i vertskommunen (kommunen der barnet bur).

Når det gjeld det ordinære barnehagetilbodet, oppfylling av retten til plass jf.  barnehagelova § 16, og eventuelt vedtak om tilrettelegging av barnehagetilbodet for barn med nedsett funksjonsevne (jf. barnehagelova § 37), er det kommunen der barnet er busett som har det økonomiske ansvaret. Vedtak om tilrettelegging skal fattast av kommunen der barnet er folkeregistrert, barnet vil bli folkeregistrert i vertskommune.

Kva for kommune som har økonomisk ansvar for styrking av SFO, når barn har særskilte behov er ikkje regulert i opplæringslova med forskrifter. Statsforvaltaren har i desse sakene vurdert ansvaret ut frå reglane i barnevernlova og konkludert med at dekning av ekstra utgifter i SFO må sjåast i forlenginga av dei tiltaka, som barneverntenesta har sett som naudsynte ved utøving av omsorgsansvaret etter barnevernlova. Det vil seie at det er opp til omsorgskommunen å bestemme om barnet skal gå i SFO, og dermed dekke dei utgifter som oppstår i den forbindelse. Barnet kan elles ha rett til tiltak i medhald av helse- og omsorgstenestelova, for eksempel brukarstyrt personleg assistent (BPA).

Ved flytting: Skal skolen/omsorgskommune informere tilflyttingskommune/vertskommune om barnet? Korleis ivareta teieplikta?

Samtykke til deling av personlege opplysningar må innhentast frå barnevernet. Frå fylte 15 år må også sjølvråderetten for eleven vere sikra jf. opplæringslova § 24-5.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.