Sentrale BU-midlar kan nå søkjast på!

Ynskjer du å gjennomføre eit prosjekt som kan vera til nytte for ei større gruppe bønder eller produsentar? Innovasjon Norge inviterer no til søknader om sentrale bygdeutviklingsmidlar 2014.

 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.04.2014
Kva kan det søkjast støtte til?

Verkeområdet til dei sentrale bygdeutviklingsmidlane er bedriftsovergripande utviklingsprosjekt innan tradisjonelle landbruksproduksjonar og nye næringar, dvs. utviklingsprosjekt som ein eller fleire produksjonar eller gruppe bønder har nytte av.

Prosjekt skal ha mål om verdiskaping/næringsutvikling, men det kan også gjevast støtte til (utgreiings)­prosjekt for å avklare om seinare prosjekt/fasar har potensial for verdiskaping/nærings­utvikling.

Det vert ikkje gitt støtte til fysiske investeringar. 

Kven kan søkje?

Søkjar kan vera ein samanslutnad av produsentar, ein organisasjon eller liknande som representerer bønder eller bygdenæringar/tilleggsnæringar i landbruket. Det prioriterast bransjar eller produksjonar utan sterk fellesskapsøkonomi der støtte frå Innovasjon Norge er avgjerande for om prosjektet kjem i gang.

For meire informasjon: Sjå linken i høgremenyen.

Kontaktperson: Innovasjon Norge

Kjell Bruvoll, Tlf.nr: 2200 2633

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.