Årsrapport 2021

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal si verksemd vart og i 2021 prega av koronapandemien, og dei prioriteringar og tiltak som har vore naudsynt for å handtere denne.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.05.2022

Heile rapporten kan du lese her … 

Her følgjer årsrapporten sitt punkt 1.1. "Statsforvaltarens beretning".

Prega av pandemien

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal si verksemd vart og i 2021 prega av koronapandemien, og dei prioriteringar og tiltak som har vore naudsynt for å
handtere denne. For helse- og sosialavdelinga, oppvekst og utdanningsavdelinga og samfunnstryggleik- og beredskapsstaben og embetsleiinga har pandemien dominert dagsorden.

God samhandling om beredskap var vesentleg for at kommunane skulle vere i stand til å møte utfordringane i høve pandemien. Vi har og følgt opp at
kommunane har gode leiings- og styringssystem, og at kommunane sine helsetenester har vore tilpassa pandemisituasjonen. Statsforvaltaren har aktivt støtta kommunane med skjønnsmidlar til kjøp av smittesporingsverktøy. Vi opplever at forståinga av kor viktig samfunnstryggleik er har auka hos våre samarbeidspartnarar.

Med unntak av nokre veker sommaren 2021, har vi hatt kontinuerleg krisestab i 2021. Møre og Romsdal har hatt relativ låg smitte sett i høve til andre fylke.

Møre og Romsdal er eit eksportfylke og industrien er i stor grad avhengig av arbeidskraft frå utlandet. Ålesund lufthamn Vigra er grenseplasseringsstad.
Dette har kravd at Statsforvaltaren har drive offensiv samordning, rettidig informasjon og rettleiing kring innreise -og karantenereglar. Vidare har vi, med unntak av sommarmånadene, hatt fast vaktordning for Samfunnstryggleik- og beredskapsstaben. I tillegg har vi hatt vaktordning for fylkeslege/ ass.fylkeslege våren 2021 og i desember 2021.

Vi har prioritert informasjon og kommunikasjon høgt, særleg under pandemien. Vi har i 2021 gjennomført samverkemøter med kommunane kvar 14. dag. I tillegg kjem møter med Fylkesbredeskapsrådet.

10-årsmarkering 22. juli 2011

Den offisielle 10-års markeringa etter 22. juli fann stad i Molde domkyrkje, der nær 200 frammøtte deltok. I tillegg deltok representantar frå
Statsforvaltaren på markeringar med kransepålegging ved 22. juli- minnesmerka i Ørsta, Ålesund og Kristiansund.

Heimekontor - og digitale arrangement

I store delar av året har dei omlag 150 medarbeidarane våre vore på heimekontor. Vi har hatt fokus på motivasjon, leiarstøtte og god informasjonsflyt til våre tilsette gjennom hyppige allmøter og avdelingsmøter. Vi opplever at vi trass i heimekontorordninga har hatt god produksjon og måloppnåing. Vi ser likevel at ein del oppgåver ikkje har latt seg gjennomføre som følgje av pandemisituasjonen.

Vi har så langt som råd søkt å løyse våre oppgåver på alternative måtar, og på digitale plattformar. Både Statsborgarseremoni, nyttårskonferanse og
statsetatsmøter vart i 2021 arrangert digitalt.

Økonomi

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har samla disponert tildelingar på vel 299 mill. kroner i 2021. I tillegg kjem fleire opne belastnings-fullmakter som
vergemålsordninga, fri rettshjelp, abortnemnd og kontrollkommisjonen. Rapporteringa viser god utnytting av tildelinga. Vi meiner at både koronarelaterte oppdrag, og andre oppdrag har vore løyst på ein tilfredsstillande måte og innanfor ramma av tildelte midlar.

Vi har ført ein stram resultat- og økonomioppfølging gjennom heile året. Prognosen etter 2. tertialrapportering låg an til eit mindreforbruk på 1,2 prosent. Vi går ut med eit mindreforbruk på 1,87 prosent i 2021. Avviket i prognosen frå 2. tertial skuldast i hovudsak auka refusjonar frå NAV og at tilsettingar har teke lengre tid enn planlagt. Vi har vidare starta arbeidet med intern omfordeling mellom fagområda, slik at landbruksområdet på sikt vert styrka i tråd med ny budsjettfordelingsmodell. Helse og sosialavdelinga må som ein konsekvens av dette ta ned si budsjettramme tilsvarande. Dette er krevjande i ei tid kor ein ikkje greier å levere på oppdraget frå HOD som følgje av pandemi og underfinansiering av oppgåver.