Mat får mirakel til å skje

Surnadal med mange deltakarar på konferansen. Her også med representantar fra Matgledekorpset ved Stian Røsand, Olav Jørgensen (bakarst), Merete Bolstad og Anna Øien Sønslien (framst til venstre).
Surnadal med mange deltakarar på konferansen. Her også med representantar fra Matgledekorpset ved Stian Røsand, Olav Jørgensen (bakarst), Merete Bolstad og Anna Øien Sønslien (framst til venstre). Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Matgledekonferansen 2022 samla deltakarar frå institusjonar over heile fylket. Felles for alle er at dei ønskjer å bli enda betre på å tilby gode måltid og måltidsglede til sine bebuarar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.11.2022

Matgledekorps i Møre og Romsdal 2022

Seks institusjonar i ulike kommunar i fylket har i haust hatt besøk av Statsforvaltaren sitt «Matgledekorps». Matgledekorpset er etablert på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet. Føremålet med korpset er å løfte bevisstheita og kunnskapen om korleis vi kan skape sunn mat og måltidsglede hos eldre.

Dei seks institusjonane som fekk besøk var plukka ut av ei søkarliste på 19. Dette viser at det er fleire som ønskjer å sette fokus på mat- og måltidsglede! Heile 90 påmelde deltakarar kom på Matgledekonferansen 15. november. Konferansen var også ein del av Statsforvaltaren sitt arbeid med «Leve hele livet».

Matgledekorpset ønskjer velkommen til Matgledekonferanse. Her ilag med Brit Kari Eidseflot Hauger frå landbruksavdelinga og Greta Hanset  frå Helse og sosialavdelinga hjå statsforvaltaren.
Matgledekorpset ønskjer velkommen til Matgledekonferanse. Her ilag med Brit Kari Eidseflot Hauger frå landbruksavdelinga og Greta Hanset frå Helse og sosialavdelinga hjå statsforvaltaren. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Innslag frå departementet

Landbruks- og matminister Sandra Borch opna samlinga med ei videohelsing, før Helsedirektoratet ved Ingvild K. Haugen og Guro B. Smedshaug hadde eit innlegg om mat, måltid og aktivitet.

Variert kompetanse

Matgledekorpset består av fire personar med ulik fagleg og praktisk bakgrunn. Her er både  ernæringsfysiolog, «sjølverklært matvrak», gründer og institusjonskokk. I første bolk av konferansen prata Matgledekorpset om korleis dei har jobba når dei har vore på besøk hos institusjonane. Ernæringsfysiolog Anna Sønslien fekk fram viktige poeng om at eldre treng same mengde næring, om ikkje meir, sjølv om energibehovet går ned. Eit enkelt verktøy for ernæringskartlegging vart presentert og godt forklart. I tillegg er Matgledekorpset opptekne av måltidet sin sosiale funksjon og viktigheita av godt samarbeid mellom leiing, kjøkken og avdeling for å klare å treffe «spikaren på hovudet».

Erfaringskonferanse

Fire av institusjonane som hadde besøk i haust la fram korleis deira kvardag er og kva for erfaringar dei har hatt knytt til besøket av Matgledekorpset. Desse var Aukra sjukeheim, Surnadal sjukeheim, Sykkylven bu- og aktivitetssenter og Sulatunet. Fellesnemnaren var at alle ønska eit høgare fokus på måltida og eit betre system for samarbeid mellom kjøkkenet og avdelingane. Med ulike forutsetningar, er alle i gang med å gjere små grep som skal gje bebuarane betre opplevingar rundt måltid og dei tilsette ei auka kjensle av kor viktig jobben deira er.

Inspirasjonsforedrag

Avslutningsvis fekk deltakarane på konferansen høyre to inspirasjonsforedrag. Det første om prosjekt «Matredding gjennom matglede» i regi av Ålesund kommune. Dei viste tal på kor mykje mat som blir kasta frå institusjonskjøkken og regna det om til kroner tapt. Dette er pengar dei heller ønskjer å bruke inn i tenesta for å heve kvaliteten. Dei hadde også konkrete tiltak å vise til for korleis vi kan hindre matsvinn og bruke meir av restematen.

Korleis redusere matsvinn var temaet da Ålesund kommune presenterte prosjektet sitt. Å ha fokus på dette er både berekraftig og økonomisk smart.
Korleis redusere matsvinn var temaet da Ålesund kommune presenterte prosjektet sitt. Å ha fokus på dette er både berekraftig og økonomisk smart. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Heilt på tampen av dagen var fokuset «Nyt Livet, nyt maten – hele livet» ved Fru Timian, Marit Røttingsnes Westlie. Ho heldt eit forrykande innlegg om alle faktorane eit måltid består av. Ikkje berre maten i seg sjølv, men andre faktorar som stemninga rundt bordet og i omgjevnadane og at jo eldre ein blir, jo mindre smak- og luktesans har ein. Desto viktigare blir då andre element i måltidet som krydder, konsistens og farge.

Og med det oppsummerte ho det som dei deltakande institusjonane kjem til å ha som mål i sitt vidare arbeid; Nyt livet, nyt maten og - heile livet!

Deltakarane vart utfordra til å dele korleis dei vil jobbe med matglede framover. Det monna ut i denne ordskya.
Deltakarane vart utfordra til å dele korleis dei vil jobbe med matglede framover. Det monna ut i denne ordskya. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.