Endring i førarkortforskrifta – om å øvingskøyre

No må du søkje politiet om samtykke for å kunne øvingskøyre, dersom du ikkje har gyldig førerett.

Publisert 15.03.2024

Køyrevurdering

Dersom ein lege eller psykolog er i tvil om du har god nok helse til å køyre bil, kan dei be om at du gjennomfører ein køyrevurdering.

Nokre gonger kan du ha behov for å bli kjend med trafikkskulen sitt køyretøy, eller for å friske opp køyreferdigheitene dine, før vurderinga. Viss du har førerett, kan du gjere avtale om køyrevurdering med ein godkjend trafikklærar.

Om føreretten din er kalla tilbake av helseårsaker, kan du ikkje avtale øvingskøyring direkte med ein trafikkskule.

Må søke politiet for å øvingskøyra

Statsforvaltaren har fram til no behandla søknadar om dispensasjon for øvingskøyring for personar som ikkje lengre har gyldig førarrett. Etter den nye endringa i førarkortforskrifta, skal personar som ikkje innehar førerett no søkja politiet om samtykke for å kunne øvingskøyra, jf. vedlegg 1, §2, tredje ledd og nytt fjerde ledd.

Det er gjort fleire endringar i førarkortforskrifta: Forskrift om førerkort m.m.