Separasjon og skilsmisse

Oppdatert 12.01.2026

Ektefeller som ønskjer å gå frå kvarandre, kan søkje digitalt om separasjon og skilsmisse. Statsforvaltaren behandlar søknaden.

Ønskjer du å skiljast, må du først søkje om separasjon dersom du og ektefellen din framleis bur saman eller har budd frå kvarandre i mindre enn to år. 

Du kan velje å sende inn søknaden digitalt, eller fylle ut eit papirskjema. Digital søknad hentar automatisk nødvendige opplysningar, og gjer det raskare å fylle ut søknaden. 

Dersom du allereie er skilt eller separert og berre treng dokumentasjon på dette, kan du klikke her for å bestille kopi av løyvet

Vis meir


Publisert 26.03.2026

Nye telefontider for enkelte tenester

Frå og med 7. april 2026 innfører vi nye, faste telefontider for tenestene som behandlar separasjon og skilsmisse, oskespreiing og biologisk opphav.


Publisert 07.03.2023

Gangen i ei separasjon- og skilsmissesak

Skal du sende inn ein søknad om separasjon eller skilsmisse og er usikker på saksgangen? Her gir vi deg ei kortfatta oversikt.


Kontaktinformasjon

Telefontid:
Måndag og torsdag kl 12.00–14.00.

Telefon:
71 25 84 20 

Sikker melding:
Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon til oss via Altinn: Sikker melding til Statsforvaltaren frå privatpersonar

E-post:
For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår: sfmrpost@statsforvalteren.no

Det er viktig at du ikkje sender sensitiv informasjon eller personopplysningar på e‑post.

Postadresse:
Postboks 2520
6404 Molde