Nei til søndagsopne butikkar i sommar

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har fått fleire søknader frå Coop-butikkar i kommunane Sande og Volda om å halde ope på søndagar i sommarsesongen. Dei fleste har fått avslag, og for ein butikk er saka uavklart.

Publisert 12.05.2026

Søknadene gjeld Coop-butikkane på Sandsøya, Kvamsøya og Gjerdsvika i Sande kommune, og Lauvstad og Folkestad i Volda kommune.

– Fire av søknadene er avslått. For Sandsøya er det sendt tilbakemelding om at dette må takast opp med Sande kommune, som må sende ny søknad til Statsforvaltaren. Status for Sandsøya er difor framleis uavklart, seier seniorrådgivar Therese Småland hos Statsforvaltaren.

Status som typisk turiststad

Grunnen til avslaga er at butikkane ligg på stader som ikkje kan reknast som «typisk turiststad». For at butikkar i eit avgrensa område eller i ein kommune skal kunne halde ope på søndagar, må området eller kommunen ha denne statusen. Statsforvaltaren kan innvilge statusen til stader der salet i periodar i all hovudsak skjer til turistar, og der dei faste innbyggarane er få samanlikna med talet på tilreisande. I Møre og Romsdal har mellom anna Geiranger, Åndalsnes og Bud slik status i sommarsesongen.

Omsetnadsauke ikkje nok

Felles for fire av dei stadane som no har søkt om å halde ope er at dei opplever auka omsetnad i sommarmånadane, og at handel til turistar og gjennomreisande er viktig for å oppretthalde eit daglegvaretilbod på desse stadene. Dette er likevel ikkje nok til at lova sine vilkår er oppfylt.

– Desse butikkane har meir omsetnad i turistsesongen fordi fleire folk kjem i ferietida. Men dette gjeld mange stader, og er ikkje i seg sjølv tilstrekkeleg for å få halde ope på søndagar, avsluttar Småland.

Kontaktpersonar