Statsforvaltaren i Vestland
English Norsk (nynorsk) Davvisámegiella Åarjelsaemiengiele
  • Statsforvaltaren i
    Statsforvaltaren.no
    Agder
    Innlandet
    Møre og Romsdal
    Nordland
    Rogaland
    Troms og Finnmark
    Trøndelag
    Vestfold og Telemark
    Vestland
    Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus
  • Om oss
    Om oss
    Offentleg postjounal
    Statsforvaltar Liv Signe Navarsete
    Vil du jobbe hos oss?
    Presserom
    Historie
    Organisasjon og leiing
    Kontakt oss
  • Kontakt oss
  • Fagområde A-Å
  • Abonner på nyhende
  1. Vestland
  2. Verjemål
  3. Nyhende om verjemål

Nyhende om verjemål

Utsett utreiseplikt til Afghanistan og oppsporing av sakna personar

UDI og UNE har utsett utreiseplikta til Afghanistan til 31. januar 2022.

16.09.2021

Nye verjefullmakter

Frå 1. september vil Statsforvaltaren i Vestland ta i bruk nye typar verjefullmakter i nye verjemålssaker.

30.08.2021

Verjemål og val

Du kan stemme ved årets Stortings- og sametingsval sjølv om du har fått oppnemnd verje.

23.08.2021

Korleis kan verja få tilgang til koronasertifikat for personar under verjemål?

Dersom verja har mandat til å ta hand om personlege interesser, kan han eller ho bestille koronasertifikat for personen med verje ved å sende eit brev til HELFO.

16.07.2021

Redusert lesetilgang til meldingar sendt verjemålsseksjonen via Altinn

Grunna overgang til ny arkivkjerne i verjemålssaker, får vi i ein kort periode ikkje lesetilgang til meldingar du har sendt oss via Altinn frå den 6. august.

16.07.2021

Tilgang til koronasertifikat for personar som ikkje har eigen bank-ID

Koronasertifikat er tilgjengeleg ved å logge inn med bruk av bank-ID på Helse Norge. Bank-ID er personleg, og kan ikkje brukast av andre. For personar som ikkje har eigen bank-ID, kan ei løysing vere å gje fullmakt til representasjon på Helse Norge.

28.06.2021

Verjemål med fråtaking av rettsleg handleevne

Verjemål er som hovudregel eit frivillig hjelpetiltak, som ikkje kan opprettast eller oppretthaldast i strid med den hjelpetrengande sin reelle vilje. I eit ordinært verjemål, vil den hjelpetrengande framleis kunne inngå avtaler sjølv, eller å disponere over midla sine. 

28.06.2021

Pengar til ferien for verjehavar

Dersom den du er verje for ønskjer utbetaling frå kapitalkontoen sin til ferien, bør du vere tidleg ute.

20.05.2021

Fristen for innlevering av verjerekneskap er ute

Fristen for å levere verjerekneskapen for 2020 gjekk ut den 30. april 2021. Dersom du ikkje har levert komplett verjerekneskap enno, bør du sende oss det med ein gong for å unngå purring.

06.05.2021

Tilgang til verjehavar si skattemelding

Fristen for å levere verjerekneskapen for 2020 er 30. april 2021. Verja må mellom anna leggje fram skattemeldinga til personen med verje. Her kan du lese meir om kva verja må gjere for å få tilgang til denne skattemeldinga.

22.04.2021

  • Forrige
  • 1
  • 2
  • 3
  • 4
  • 5
  • 6
  • 7
  • 8
  • Neste

Statsforvaltaren i Vestland

Post- og besøksadresser til kontorstadane våre

Telefon: 57 64 30 00

E-post: sfvlpost@statsforvalteren.no

Organisasjonsnummer: 974760665

Ansvarleg redaktør: Liv Signe Navarsete
Nettredaktør: Solveig Mork Holmøyvik

Personvernerklæring 
Tilgjengelegheitserklæring (uustatus.no)

Har du innspel til sidene våre? 

Miljøfyrtårnsertifisering