Kunngjering etter forureiningslova

Løyve Statsforvaltaren i Vestland har gitt etter forureiningslova vert kunngjort her, jf. § 36-18 i forureiningsforskrifta. 

Klagefristen er tre veker etter at vedtaket er publisert. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 09.02.2026

Endra løyve til avfallsanlegg i Stord kommune

Ragn-Sells AS avd. Sunnhordland har 6. februar 2026 fått løyve etter forureiningslova til auka mottak og lagring av ordinært avfall frå 20 000 til 30 000 tonn/år på Eldøyna i Stord kommune. Samstundes aukast mengde stykkgods av farleg avfall de kan lagre frå 200 til 350 tonn.    


Publisert 23.01.2026

Kunngjering etter forureiningslova for etablering av pumpestasjon i Hysstadvika i Stord kommune

Statsforvaltaren i Vestland gav 23. januar 2026 løyve etter forureiningslova til Stord Vatn og Avløp AS for utfylling av massar. Formålet med tiltaket er å etablere ein pumpestasjon for å leie avløpsvatnet til eit renseanlegg. 

 


Publisert 21.01.2026

Løyve etter forureiningslova for utbetring av badestranda ved Etne småbåthamn i Etne kommune

Statsforvaltaren i Vestland gav 21. januar 2026 løyve etter forureiningslova til Etne båtlag for mudring og dumping av massar, samt utlegging av naturstein og skjelsand. Formålet er å utbetre badestranda ved Etne småbåthamn i Etne kommune.


Publisert 13.01.2026

Kunngjering av løyve - graving i forureina grunn - Dokkeskjærskaien i Bergen for Statsbygg

Statsforvaltaren i Vestland gav 12. januar 2026 løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid til Statsbygg. Formålet er å etablera tomt for Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet på Dokkeskjærskaien i Bergen kommune. 


Publisert 08.01.2026

Kunngjering av løyve til anleggsarbeider i sjø - utviding Serklau industriområde Bømlo kommune for Moster Eiendom

Statsforvaltaren i Vestland gav 6. januar 2026 løyve til Moster Eiendom til anleggsarbeid i sjø. Formålet er å utvide industriområdet på Serklau ved utfylling i sjø. 


Publisert 17.12.2025

Kunngjering av løyve til anleggsarbeider i sjø - etablering av ny ro-ro kai Jekteviken for Bergen kommune

Statsforvalteren gav 17. desember 2025 løyve til Bergen kommune til anleggsarbeid i sjø. Formålet er å etablera ny ro-ro kai i Jektviken. 


Publisert 12.12.2025

Kunngjering av løyve til anleggsarbeider i sjø for etablering av ny fiskerihavn i Kalvåg, Bremanger kommune for Kystverket

Statsforvalteren gav 12. desember 2025 løyve til Kystverket til anleggsarbeid i sjø. Formålet er å etablera ny fiskerihamn i Kalvåg, Bremanger kommune.


Publisert 03.12.2025

Kunngjering av endra løyve til anleggsarbeid i samband med bygging av Offerdal kraftverk I Årdal kommune

Statsforvaltaren i Vestland endra den 3. desember 2025 Offerdal Kraftverk AS sitt løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid knytt til etablering av Offerdal kraftverk i Årdal kommune.


Publisert 26.11.2025

Kunngjering av endra løyve til anleggsarbeid i sjø - framføring av vatnleidninger i Stad og Vanylven kommuner for Kystverket

Statsforvaltaren i Vestland og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal endra 25. november 2025 Kystverket sitt løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø . 

 


Publisert 25.11.2025

Kunngjering endra løyve - utslepp av anleggs- og driftsvatn frå rehabilitering av Damsgård- og Nygårdstunnelen i Bergen

Statsforvalteren i Vestland endra 17. november 2025 løyvet til Statens vegvesen for utslepp av anleggsvatn og tunnelvaskevatn frå Damsgård- og Nygårdstunnelen.